Logo

Trailaren lossa og lasta levert

Etter seks timars jobbing i moldovske vårvær var trailern tømd og storparten av lasta levert til mottakarar i Chisinau og ei rekkje andre stader i Moldova. - Utstyret og hjelpa frå Norge gjev oss inspirasjon og mot til å halda fram arbeidet for våre landsmenn i ei tid der mykje står i stampe, og ting er vanskelege, seier Tatiana Gidhirimshi og Galina Gradinari på vegne av mottakarane. Bildet: Galina Gradinari (til venstre) studerer storleiken på laken som kjem frå bedrifta Sverre W Monsen i Norge. To representantar frå mottakerne, det ortopediske sjukehuset i Chisinau, kom i ukrainskbygd veteran millitærjeep for å henta. Augespesialist Dimitru Gaibu kom med sjåfør og ambulansebil 20 mil frå Ungeni i Vest-Moldova til Chisinau for å henta utstyr til sjukehuset sitt. Då trailaren frå Norge var lossa, hadde den unge kirurgen fått så mykje utstyr at sjåføren måtte kjøra ein ekstra tur den lange vegen for å få med seg alt. I neste veke kjem den norske kirurgen Jan Askvik for å undervisa sin moldovske kollega i bruk av utstyret. Bildet: Frå venstre står Tatiana Gidhirimshi, Hans Bjørn Bakketeig, sjåfør frå Ungeni, Vasilie Olari, Galina Gradinari og augekirurg frå Ungeni, Dimitru Gaibu. Seks institusjonar får hovudparten av forsendinga: Sjukehuset i byen Ungeni. Hjelp Moldova sitt Senter for synshemma i Moldova Municipal sjukehuset i Chisinau Mor og barn sjukehuset i Chisinau (også av oss kalla som Statoil-sjukehuset) Det ortopediske sjukehuset i Chisinau Gamleheimen i byen Cosieri i Transnistria i Aust-Moldova Det er ikkje berre å lossa innhaldet i trailaren og levera utstyret frå seg. Moldovske styresmakter set strenge krav til listeføring, oppfølgjing og kontroll. Hjelp Moldova set også strenge krav til mottakarane, og det er gjort ei nøye vurdering og utvelging når det gjeld kven som får varer får oss. Organisasjonen har også eit omfattande program for oppfølgjing i høve til dei som får støtte. Bildet: Galina Gradinari fører lister over kven som får kva. Styresmaktene krev slik listeføring av all humanitær hjelp. I dei tilfelle der vi går inn med økonomisk støtte, er det ingen som får utlevert pengar direkte. Hjelp Moldova har alltid eigen prosjektleiar som styrer pengane slik at dei kjem mottakarane til gode og ikkje hamnar på avvegar. Alt arbeid utført av styremedlemmer og andre i organisasjonen er gjort ulønna og på ideell basis. Tekst og foto: Kåre Ness