Logo

Sommarnytt frå Moldova

Mykje godt arbeid er utført i Moldova i løpet av sommaren.  Neste 13 vekers optometrikurs for augelegar startar opp til hausten, og arbeidet med å førebu ei permanent optometriutdanning ved det Medisinske universitetet i Chisinau er godt i gang. Hans Bjørn Bakketeig og samarbeidspartnarane hans har vore aktive heilt fram til midten av juli. Bildet, frå venstre: Legane Stela og Tatiana saman med sjukepleiar Liuda syter for at  pasientarbeidet ved Synssenteret går som planlagt også i sommarmånadene.  Hans Bjørn Bakketeig, leiar for Hjelp Moldova, stadfester at det har vore travelt, men understrekar at det har vore både interessant og gjevande; ikkje minst arbeidet med å etablera eit permanent optometristudium i Moldova. 2014 02 15 Utanfor UD Møte i Oslo Frå førebuande møte i Oslo før jul i 2013: Frå venstre Professorane Cusnir og Bendelic, Stephanie Looi frå Australia, Anne Jervell i Optikarforbundet, Hans Bjørn Bakketeig, avdelingsleiar for optikarutdanninga ved Høgskulen i Buskerud, Bente Monica Aakre, Tatiana Ghidirimshi, Håvard Austad i Utanriksdepartementet og Luigi Bilotti frå Canada. - I fire dagar jobba vi i ei internasjonal gruppe med dette temaet:  For Brian Holden Vision Institute møtte Luigi Bilotti frå Canada og Stephanie Looi frå Australia. Frå Norges Optikerforbund var leiaren, Anne Jervell, med. Rektor ved det Medisinske universitetet deltok, og vi hadde også med Eremie som er rådgjevar ved statsministerens kontor. I tillegg var sjølsagt professorane Cusnir og Bendelic, dei fremste oftalmologane (augelegane) tilstades heile tida. Dei to sistnemnde skal no frametter etablera kontakt med Utdanningsministeriet og Helseministeriet med tanke på å få i stand eit møte til eg er tilbake i september. Då vil vi jobba vidare med å få på plass lovverk og administrative rutiner i samband opprettinga av eit heilt nytt studium i landet, fortel Hans Bjørn. Til hausten vil kurs nummer to i rekka av 13-vekers kurs i optometri for moldovske augelegar starta. Nytt og banebrytande er det at to av deltakarane frå første kurs skal vera instruktørar til hausten. Legane Alia og Lily er begge røynde lærarar ved det Medisinske universitetet, og har sagt ja til å undervisa på kurset. -Svært positivt at vi no har moldovarar som kan vera med å ta ansvar for undervisinga, seier Hans Bjørn. Hans Bjørn har også fått tid til å besøkja barnehagen for svaksynte i Transnistria i sommar. Han undersøkte fleire av borna der, og konstaterte at mange av dei slett ikkje skulle vore i ein barnehage for synshemma, men i ein ordiner. 2013 12 18 Våttar med hesling til nissen 2 Tiraspol

 Frå første besøket i barnehagen for svaksynte i Transnistria. Oppdraget her er eit samarbeid med FN (UNDP) i Moldova.

-Dette er svært uheldig. Borna får lett eit stempel på seg at dei er funksjonshemma, noko som kan følgja dei heile livet, seier Hans Bjørn og legg til: -Men det er veldig kjekt å koma til denne barnehagen. Personalet er positive og dyktige, og borna er kjekke. Eg har stor tru på at vi skal klara å oppnå gode resultat her. Det har også vorte tid til å følgja nokre  av familiane som får midlar frå julegåveprosjektet. Familien til synshemma Mihaela har fått innlagt rennande vatn i hagen. Det er også planlagt at dei skal få gjerde rundt eigedomen.  2013 Mihaela og familien Dubasari

 Mihaela, i gul trøye til høgre, fekk berga synet takk vere Tatiana og Synssenteret. Familen har fått oppfølging ved hjelp av midlar samla inn gjennom julegåveprosjektet. No har dei endeleg rennande vatn på eigedommen!

Tekst og foto: Kåre Ness