Logo

Pavel (25): Verdig liv for julegåvepengar

Pavel Stefirta (25) er multihandicappa. Han treng pleie og tilsyn 24 timar i døgnet, Mor Maria har har teke seg av Pavel, barnet sitt, med stor omsorg, varme og kjærleik kvar dag sia han vart fødd. Pavel ligg mesteparten av tida si i senga   Familien Stefirta bur høgt oppe i ei høgblokk i hovudstaden Chisinau. Galina Gradinari, Hjelp Moldova sin samarbeidspartnarar i Moldova gjennom meir enn 20 år, er nabo. Ho formidla kontakten som resulterte i støtte frå Julegåveprosjektet. Slik fekk Pavel for nokre år sia sin første rullestol. Frå då av kunne mor Maria ta med han med seg ut. Sidan er det blitt mange turar utom døra. image

Pavel set alltid pris på å få besøk. Han elskar musikk. Hjelp Moldova har gitt han CD spelar og plater med musikk han er glad i.

I vår fekk Maria diagnose lymfekreft. Det er tydeleg å sjå at ho ikkje er frisk. Ho får behandling for kreften tre dagar kvar månad. Behandlinga er gratis. Ho viser oss diverse urteblandingar ho har kjøpt inn, og som ho håper skal hjelpe. Mannen hennar, far til Pavel, tek hand om sonen når mor er på sjukehus. Men han har ein lei diagnose sjølv; er ikkje frisk han heller. For fem år sidan fekk Maria vaskemaskin kjøpt inn for julegåvepengar. Eit slikt teknisk hjelpemiddel hadde ho ikkje hatt på 15 år. -Det snudde opp/ned på livet mitt, seier ho. image

 Hjelpa frå Norge gjer at mor Maria kan løfta blikket og får nye perspektiv på livet. Men det er ille at ho skal måtta slita med kreftsjukdom etter å ha ofra seg 100 prosent for sonen i  25 år.

Det var ikkje berre enkelt å vaska bleier, klede og sengetøy for hand i ei høgblokk. Senare har ho tidevis fått papirbleier, og midlar til å kjøpa slike. Til påske fekk familien litt ekstra til høgtida. I vinter fekk Pavel ny seng og madrass innkjøpt for julegåvepengar. Det var eit stort ønskje. -Det er ikkje alltid lett å halde madrassa tørr heller, seier mor Maria. Familien Stefirta får svært lite støtte frå staten. Hjelp Moldova sponsar no med midler til papirbleier, mat og medisin. -Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan dykk, seier Maria då me går. Eg klemmer henne lenge. Lenge står me slik. Tekst og foto: Åse Hundvin