Logo

Håper på drahjelp frå Helsedepartementet

Helse- og omsorgsminister Bent Høie og Moldovas helseminister Andrei Usatii signerte i mai i Genève ein avtale om samarbeid på helseområdet. Fredag 7. november var Hjelp Moldova invitert til møte med Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) i Oslo. Her orienterte Hans Bjørn Bakketeig om Hjelp Moldova sitt arbeid med og for synshemma i Moldova.

– No håper me at det norske helsedepartementet i ly av samarbeidsavtalen kan medverka til at moldovske styresmakter tek ansvar for dei synshemma i landet. I første omgang er det viktig at synshemma-problematikken vert inkludert i nasjonal helseplan for Moldova, seier Hans Bjørn etter møtet.

Bildet: Helseminisitrane Usati (til venstre) og Høye signerer samarbeidsavtalen i Geneve. (Foto: Helsedepartementet).

I løpet av dei siste ti åra har Hjelp Moldova med optikar og leiar Hans Bjørn Bakketeig bygt opp eit nasjonalt system for å yta hjelp til svaksynte i Moldova. Nær 10.000 svaksynte er utreda og har fått relevante hjelpemiddel. Legar og helsepersonell har fått systmatisk opplæring, og sjukehus og poliklinikkar over heile landet har fått tilført moderne basisutstyr for diagnostisering, samt avansert optisk utstyr. I alle desse åra har moldovske styresmakter støtta Hjelp Moldova verbalt, men det er også alt. Det norske Utanriksdepartementet (UD) har godkjent planane Hjelp Moldova arbeider etter, og siste åra støtta tiltaka økonomisk.

– Me ønskjer at synshemma skal inn som del av nasjonal helseplan, og me treng tenlege lokale for det nasjonale Synssenteret vårt. No lever me på 18 kvadratmeter, og det er meiningslaust når me yter tenester på nasjonalt nivå, seier Hans Bjørn.

2014 11 07 Helsedep Oslo DeltakaraneSeniorkonsulent i UD, Håvard Austad, (til venstre), deltok på møtet i HOD. Hans Bjørn Bakketeig ( midten) saman med vertskapet  frå Seksjon for internasjonalt samarbeid i HOD, Rune Pedersen og Maren Ringstad Widme.

Håvard Austad i UD har dei siste åra vore ein god støttespelar for arbeidet i Moldova. Han har førstehands kjennskap til arbeidet for synshemma både frå sin ståstad i departementetet, og frå sine tenestereiser i Moldova. Austad har alltid oppmuntra og tilrettelagt for samarbeid mellom nordmenn som arbeider med bistand i den moldovske republikken.  Det var han formidla kontakten til HOD. I første omgang resulterte det i at Maren Ringstad Widme møtte Tatiana Ghidirmshi på Synssenteret i Moldova under eit besøk i Chisinau for to veker sia.

-Møtet fredag i Oslo var ein fin oppfølgjar som gjev grunn til optimisme, seier Hans Bjørn.

.

Under finn du lenke til HOD sin omtale av av samarbeidsavtalen med Moldova. Nederst i omtalen fligg ei lenke avtaleteksten (Memorandum of understanding).

Samarbeidsavtale

 .

Kåre Ness/Som var med på møtet i Oslo