Logo

Nr 74: Glede over tilbygget

Arbeidet i Barnehage nr. 74 går fint framover, og tilbygget vert truleg ferdigstilt før jul. 

-Alle gleder seg! Jubelen står i taket. Nybygget vert supert. Her er godt og varmt golv, tette vindauge og fine lyse vegger. Dette kan vi gjera takk vere samarbeidet med dei vidaregåande skulane, seier Hans Bjørn Bakketeig som var på synfaring i nr 74 denne veka. 

Bildet: Slik såg det ut framfor tilbygget i desember 2013. Alle drøymde, men alt var usikkert, for det fanst ikkje pengar til ferdigstilling. No syter elevane ved dei vidargåande skulane på Os, i Fusa, Bamble og ved Langhaugen i Bergen for at draumen går i oppfylling.

Tilbygget er malt utvendig i kvitt. Det er montert inngangsdør og vindauge i bygget. Under synfaringa, der også Galina Gradinari og Tatiana Ghidirimshi deltok, var arbeidsfolket i ferd med å legga isopor på golvet før dei  legg varmekablar.

2014 11 22 Nr 74 Nybygg inneSynfaring på isoporgolv: Galina (til venstre) saman med barnehagestyrar Liuba, Hans Bjørn og entreprenør Iuri. (Foto: Tatiana)

 

2014 11 22 Nr 74 Nybygg ute Hans Bjørn og Liuba

Framfor nymalte ytterveggar: Styrar Liuba var rørt til tårer då ho takka på vegne av borna, dei tilsette og frå foreldre. (Foto: Tatiana)

-Det var ei flott oppleving å sjå dette. Sterke kjensler kjem i sving hjå oss alle, seier Hans Bjørn.

.

Kåre Ness