Logo

Gje ei julegåve med meining

Hjelp Moldova vil også i år gje medlemmer og andre høve til å kjøpa gåvekort til jul. Pengane som kjem inn vert uavkorta fordelt på seks fattige familiar som vi har etablert kontakt med i Moldova. Pengane vert ikkje levert til familiane, men Hjelp Moldova står for bl.a. innkjøp av mat, betaling av fyringsutgifter, ev. utgifter til utdanning osv., alt etter behov.

Du kan kjøpa så mange gåvekort du vil, for ein sum du sjølv bestemmer.

Bestilling av gåvekort

Gåvekortet bestiller du på glansa papir hos Irmelin Bjerring Hansen, Lilletveitåsen 33, 5228 Nesttun, eller på e-post: irmelin1972@yahoo.no eller telefon: 977 95 388.  Hugs å opplyse om adressa di. Når du har fått korta, skriv du sjølv på navn og summen du har betalt for kortet.

Kjøpesummen set du inn på konto:  3626 07 23590  (til kasserar i Hjelp Moldova: Astrid Daae Kristiansen, Sandneslia 4, 5981 Masfjordnes). Merk pengane: “JULEGÅVE”.

For meir informasjon om familiane, klikk på lenka under:

2014 11 06 Julegaveprosjektet

Ta gjerne kontakt om du lurer på noko.

Åse Hundvin
nestleiar

tlf. 416 34 670