Logo

Spennande møte i Tiraspol

Torsdag 27. november arrangerer Hjelp Moldova møte mellom barnehage 44 i Tiraspol og barnehage 135 i Chisinau. Møtet er ein del av arbeidet Hjelp Moldova utfører i FN (UNDP)-regi med føremål å leggja til rette for samarbeid mellom utbrytarstaten Transnistria og moderstaten Moldova.

Bildet: Aktive born i Barnehage Nr 44 i Tiraspol.

At tilhøvet mellom dei to partane er anstrengt, vart tydeleg demonstrert då styresmaktene i Transnistru i førre veke uventa nekta personalet i barnehage 44 å reisa til Chisinau der møtet eigentleg skulle haldast.

2014 10 25 Bilde Mitt Fedreland

Plakat i Barnehage nr 44 med tittel “Mitt fedreland – Transnistria”. Her er mellom anna kart,  flagg, våpenskjold, nasjonaldrakter og bilde av presidenten.

-Meldinga frå Tiraspol er ingen katastrofe. Dette løyser vi, seier Hans Bjørn Bakketeig, leiar for Hjelp Moldova, og held fram:

-Vi flyttar rett og slett møtet til Tiraspol, og tek med personalet fra Chisinau dit. Det blir eit møte med omlag 50 deltakarar som skal utveksla erfaringar og læra kvarandre å kjenna. Dette blir bra!

2014 10 23 HBB +TG+Ludmila Tiraspol

 Hjelp Moldova på jobb i Barnehage 44 i Tiraspol: Sjukepleiar Ludmila, optikar Hans Bjørn og augespesialist, dr Tatiana. Oppdraget for FN (UNDP) vert avslutta i løpet av våren 2015. Siste tida har Tatiana hatt ansvar for å jobba ut detaljane i møteprogrammet.

Hans Bjørn reiste til Moldova for omlag ei veke sia. Han fortel at i løpet av tre vekers perioden han skal vera der, står fleire besøk til Nr 44  i Tiraspol på programmet:

-I førre veke hadde vi ein flott og lang dag i barnehagen. Vi undersøkte 16 born, og 13 av dei skal få nye briller. Denne veka skal vi tilbake for å undersøkja fleire born, pluss dela ut spesialbriller eg har med frå Norge.
Barnehage nr 44 for blinde og svaksynte har omlag 200 born. Samtlege skal undersøkast. Hans Bjørn og Tatiana kunne tidleg slå fast at mange av dei burde gått i normalbarnehage og ikkje i ein spesialinstitusjon.

2013 12 19 Julefest i Nr 135

Frå juletilstelninga i desember i fjor i samarbeidsbarnehagen, nr 135, i Chisinau. I begge barnehagane har borna mange gonger vist oss kor flinke dei er til å framføra dikt, songar og skodespel.

.

Tekst og foto: Kåre Ness/UtanriksKÅREspondent, frå kjøkkenkontoret på Lindås.