Logo

Ny julegåvefamilie

I ein landsby nær flyplassen i Chisinau bur ei mor med to fem år gamle tvillingar og ei dotter på 13. Faren reiste sin veg då han skjøna at tvillingjentene var handicappa. Med offentleg stønad på 300 kroner månaden og ein like stor sum frå bestemor i Russland er livet vanskeleg. Desto større var gleda sist helg då Hans Bjørn og Tatiana dukka opp med julegåvepengar. Tårene trilla, og gleda var uendeleg.

Familien har tidlegare vore på senteret og fått synshjelp. Den eine tvillingen er svaksynt, og med fare for at synest kan svekkast ytterlegare. Den andre tvillingen har motoriske vanskar. Begge jentene er så handnicappa at dei ikkje får plass i barnehage. Det var Tatiana som forsto at mora som eineforsørgjar sleit med å halda det gåande. Saman med Hans Bjørn bestemte ho seg for å følgja opp familien. Slik kom familien inn i Hjelp Moldova sitt julegåveprosjekt.

2014 11 HBB Mor og tre jenter

Stor glede over å få Hans Bjørn på besøk. (Foto: Tatiana Ghidirimshi)

Hans Bjørn fortel om besøket:

-Det var eit sterkt møte hos ein positiv familie som har mange vanskar. Dei bur ok i huset til ein slektning og har det reint og fint. Dei hadde laga mat til gjestane;  Tatiana, mannen hennar og meg. Det var uvanleg med gjester i husværet. Dei forventa ikkje å få noko; trudde vel at me berre kom for å sjå til dei. Tårene trilla då dei fekk pengane. Eg gav dei 3000 lei, omlag 1500 kroner. Dei trong ved til vinteren.  Elles  hadde dei ikkje planar for kva dei ønskte. Gåva var ei stor overrasking. Eg er trygg på at pengane blir brukt til det nødvendigste. Ungane er mykje sjuke og mora fortalde at det gjerne kom ambulanse på tunet ein gong i veka. Mora er svært positiv, og alle tar godt vare på kvarandre.

2014 10 Mor og dotter på senteret

Mor og tvillingen med motoriske vanskar på Synssenteret. (Foto: Tonje Stølsnes Faanes).

 Tatiana fortel at det er ein ein god og sterk familie, men svært fattig. Då vert livet i det moldovske samfunnet vanskeleg. Ho understrekar kor viktig slik hjelp er, ikkje berre det at dei får litt pengar som lettar kvardagen, men nesten like viktig er betydninga av at nokon viser omsorg og stiller opp for dei.

2014 10 Jente i stolen med brille

Tvillingen med synsvanskar. Ho hadde briller frå før. Med nye frå Hans Bjørn ser ho vesentleg betre. (Foto: Tonje Stølsnes Faanes).

 -Når vi møter menneske slike som denne mora og jentene hennar, ser vi kor viktig hjelpa er. Hurra for alle som støttar julegåveprosjektet, seier Tatiana.

.

Kåre Ness