Logo

Kursglimt frå Moldova

Måndag 1. og tysdag 2. desember  deltok nær 30 augespesialistar, dei fleste frå Chisinau, på seminar i synsrehabilitering og optometri. Seminaret er eit i rekkja av kompetansegjevande vidareutdanningskurs i regi av Hjelp Moldova, og med økonomisk støtte frå UD. Hans Bjørn Bakketeig og Tatiana Ghidrimshi står for opplegg og gjennomføring. Responsen er overveldande.

-Det var eit veldig bra seminar, seier Hans Bjørn etter å undervist i praksis og teori to heile dagar til endes. Han seier at det mellom deltakarane fanst nokon som i utgangspunktet var skepiske. Skepsisen forsvant litt etter litt hjå desse og gjekk over i begeistring.

2014 12 WEB Kursdeltakarar Optpmetri Legr frå Chisinau

Hans Bjørn i midten framme omgitt av blide kursdeltakarar.

Kurset  er godkjent av helsedepartementet som kompetansegjevande vidare- og etterutdanning. Moldovske legar er nøydde å ta eit visst tal kurs omlag kvart femte år for å oppretthalda legelisensen. Mange sa at dette var det beste kurset dei hadde delteke på.

2014 12 WEB Kurs legar Cusnir og Valentina Lupin

Professor Valeriu Cusnir opna seminaret. Cusnir er kirurg ved Municipal Universitetssjukehus og ein av dei aller fremste augespesialistane i Moldova. Til høgre Valentina Lupin som er avdelingssjef og kirurg ved same sjukehus. Tatiana og Hans Bjørn sit til venstre.

Deltgakarane uttrykte stor tekksemd, ikkje berre til arrangørane, men også til norske styresmakter og det norske folk for støtta som gjorde eit slit tiltak mogeleg.

Veka før var alle som jobbar ved Synssenteret, doktor Tatiana, sjukepleiar Ludmila og Hans Bjørn Bakketeig i Barnehage nr 44 i Tiraspol der dei møtte  personalet og underviste over same tema; rehabilitering av born med synshemming. Dette er ein del av UNDP/FN oppdraget Hjelp Moldova har teke på seg.  Prosjektet er finasiert av EU og UNDP/FN. I utgangspunket skulle personalet frå barnehage 135 i Chisinau også delta, men det var ikkje mogeleg denne gongen.

2014 12 WEB Kurs Tiraspol DeltakaraneBegeistringa var like stor mellon deltakarane i Barnehage 44 i Tiraspol.

Tekst: Kåre Ness. Foto frå Tatiana Ghidirimshi.