Logo

Tatiana og Hans Bjørn på Transnistria-TV (TSV)

FN-prosjektet Hjelp Moldova utfører i Barnehage nr 44 i Tiraspol, (hovudstaden i Transnistria), går mot slutten. Den 6. februar sende TV-stasjonen TSV i Tiraspol eit innslag som oppsummerte arbeidet der Tatiana Ghidirimshi og Hans Bjørn Bakketeig har vore fagleg ansvarlege.

.

Klikk på pilen på bildet under og start sendinga frå TSV.  Innslaget  frå Barnehage nr 44 tek til etter ca 5 minutt og 40 sekunder.

Hans Bjørn Bakketeig, leiar for Hjelp Moldova, har vore i Tiraspol ei rekkje gonger i løpet av året prosjektet har gått føre seg. Leiar for Synssenteret, dr. Tatiana Ghidirimshi har saman med sjukepleiar ved senteret, Liuda Zolotco, stått for den løpande oppfølgjinga.

2014 10 23 HBB +TG+Ludmila Tiraspol

På leikeplassen utanfor Barnehage nr 44: Liuda Zolotco, Hans Bjørn Bakketeig og Tatiana Ghidirimshi.(Foto: Kåre Ness)

Barnehage nr 44 er ein institusjon for omlag 200 born med synshemming. Prosjektet er initiert av FN (United Nations Development Program/UNDP) som saman med EU står for finansieringa. Føremålet med prosjektet har vore å styrka integrering av born med synshemmingar.  I tillegg er prosjektet eit av mange FN gjennomfører I Moldova med føremål å styrka samarbeid, tillit og forståing mellom innbyggjarane I moderstaten Moldova og utbrytarområdet Transnistria.

2014 10 23 WEB front Tre hjarteknusarar

Forventningsfulle born i Barnehage nr 44 (Foto: Kåre Ness)

Vel 170 av borna I nr 44 er undersøkte, og nær 70 av desse har fått hjelpemiddel i form av spesialbriller. Personalet har fått vidareutdanning gjennom  deltaking på kurs i regi av Tatiana og Hans Bjørn. Vidare har institusjonen fått tilført nytt basisutstyr for undersøking og oppfølging av synshemma.

2015 01 Tiraspol Nr 44 Nytt utstyr

Spennande å pakka opp nytt og moderne diagnosutstyr i nr 44. Augelege i barnehagen, Oxana Cernienco, (til venstre) saman med Hans Bjørn og Tatiana. (Foto: Hjelp Moldova). 

 -Det har vore både spennande og utfordrande å jobba i Barnehage nr 44 I Tiraspol, seier Hans Bjørn Bakketeig. -Samarbeidet med leiing og personalet har vore svært godt. Saman med born og foreldre har dei teke mot oss på aller beste måte. Vi føler at vi har tilført barnehagen verdifull kompetanse og kunnskap. Dei har sett umåteleg pris på det nye utstyret dei har fått til erstatning for det det gamle og utdaterte utstyret dei hadde.

2015 01 Tiraspol Nr 44 Augelege Oxana og gut

Augespesialist Oxana Cernienco og ein av gutane i nr 44 les symbol på ein av dei nye plansjane. Foto: Hjelp Moldova). 

-Prosjektet vert offisielt avslutta i mars. Kan samarbeidet med nr 44 i Tiraspol halda fram etter prosjektperioden?

-Vi ønskjer å oppretthalda kontakten, men dette er avhengig av kva styresmaktene i Transnistria seier. Om dei tydeleg signaliserer at dei verdset arbeidet vårt, og ønskjer å gjera bruk av vår kompetanse, så ønskjer vi å halda fram arbeidet i Transnistria, seier Hans Bjørn. Han legg til at det var skuffande at ingen frå styresmaktene i Transnistria var til stades då dei overleverte utstyrspakka for nokre veker sia. Utstyret har vore klart for overlevering i lang tid, men byråkratiet  i landet arbeider langsomt, og det tok lang tid før formalitatane var i orden.

2015 01 Tiraspol Nr 44 Tatiana undersøkjer jente

Tatiana undersøkjer ei av jentene på nr 44. (Foto: Hjelp Moldova).

-Korleis har samarbeidet med UNDP vore?

-Det var svært inspirerande at UNDP oppfordra oss til å søkja prosjektet. Samarbeidet har vore krevande i form av omfattande og detaljert rapportering. Kontakten med UNDP represnetantane har til tider vore tett og hyppig, men vi føler at dei kunne følgt oss tettare opp mot styresmaktene i Transnistria. Eg synest også det var underleg at dei ikkje var til stades under overleveringa av utstyr tidlegare denne månaden. Overleveringa markerte på eit vis avslutning av prosjektperioden.

Kåre Ness/UtanriksKårespondent med Mac på kjøkkenbordet i moderlandet.