18/3: -Ein avgjerande dag
Posted by Kaare on 18 Mar 2011 in 2011
Roland Vieru (64) sier dette er ein av dei viktigaste dagane i livet hans. Jan Askvik skal operera høgre auga hans for grå stær. I tillegg er auga skadd av ein vaier. Roland Vieru er ein kjend kulturperson i Moldova. Han er biletkunstnar og filmskapar. Mest av alt elskar han å laga teiknefilm. Han fortel om kunstnarlivet. Humoristisk og levande. Om problema i sovjetperioden. No har han problem med synet. Han har høyrt om Jan Askvik, og er takksam for å komma i hans hender.
Bildet: Operasjonen er i gang for Roland Vieru
Roland Vieru korsar seg i døra inn til operasjonssalen. Han veit at han er eit utfordrande kasus. Jan er på si side van med å få utfordringar når han besøkjer Moldova. Kolleagaene hans vil læra mest mogeleg når han er der. "Alle" vil møta doktor Jan; mannen som introduserte moderne augekirurgi i Moldova, sjå han i arbeid, stilla han spørsmål, og lytta til hans råd.
Difor starta han dagen på Municipal universitetssjukehus med ei forelesing om moderne augekirurgi basert på eigne erfaringar gjennom mange år. I salen sit atten spesialistar frå heile republikken. Dei er dei fremste kirurgane i landet. For Jan er det ei viktig oppgåve å dela kunnskap og erfaringar med kollegaene sine. Han gjer det med glede, og tek ikkje betaling.
Det går nesten to timar før kunstnaren kan reisa seg frå operasjonsbenken. Det er tre gonger så lang tid som eit "normalt" tilfelle. Jan stadfester at det var ein utfordrande jobb.
-Så vidt båten bar, seier han roleg og avslappa. -Vi gjorde så godt vi kunne.
Det var skaden som kompliserte. Jan måtte fram med sytråden før han var ferdig. Det var naudsynt for å halda ting på plass. Det vil ta noko tid før pasienten kan sjå godt igjen, men gradvis vil synet normalisera seg.
I dag opererte Jan Askvik fem pasientar.
Tekst og foto: Kåre Ness