Logo

Umetteleg behov for synshjelp

Andrea Petreanu (7) frå Cantimir i Sør-Moldova er fødd med grøn stær. Ho er operert to gonger. Ein gong som baby, og ein gong rett før ho fylde to år. Om småborn ikkje får hjelp med stær, vil det få dramatiske følgjer for utviklinga deira. Korleis det går med synet til Andrea på lang sikt, er uvisst. Mora er uroa fordi Andrea held bøkene så tett inn til augene. Tatiana og Hans Bjørn undersøkjer Andrea for å gje henne best mogeleg synshjelpemiddel. Dei vil følgja med henne også i åra frametter.

Dei fleste som kjem til Synssenteret for første gong manglar briller, eller har tunge, gamle briller med feil styrke og av dårleg kvalitet.

Tretten år gamle Andrej Butanu brukte streng for å halda saman sine briller. Dessutan var dei altfor tunge for nasa hans. Han har ein synsprosent på berre to utan briller. Med gamlebrillene er prosenten seks. Med nyebrillene Hans Bjørn har med frå Norge, er prosenten nær 15.

Bildet: Hans Bjørn Bakketeig og Tatiana Ghidirimshi utreda synet til Andrej då Hans Bjørn var i Chisinau i oktober i fjor. No er ventetida over for Andrej Butanu.

Når Andrej går ut døra  saman med storesøstra si, ser han dobbelt så godt, og vel så det, som då han kom. No er han godt hjelpen, og kan greia seg bra på eiga hand. Med finstasen på, slik alle har når dei kjem, og moderne, tøffe briller, er det ein kul ung mann som som forlet senteret.

Tekst og foto: Kåre Ness