Logo

Refleksjonar i Balti

Det var i Balti, Moldovas nest største by, at engasjementet for svaksynte starta i 1998. Tilfeldigheitene gjorde at Hjelp Moldova sin lastebil med naudhjelp vart styrt hit; til skulen for blinde og svaksynte. Tilhøva der den gong var trøsteslause. No er stoda igjen dramatisk. Det gjeld i stor grad stoda for heile landet.

.

Bildet: Med sikker hand prikkar den blinde jenta inn bokstavar i rutenettet.

Naudhjelp i form av mat og brukt tøy var vel og bra på slutten av 90-talet, men skulen mangla den gong absolutt alt av utstyr og hjelpemidlar. Tida hadde stått stille i Balti etter at Sovjetunionen braut saman. Taket på skulebygning og internat var lekk, og opphaldsromma romma kalde. Me ba dei prioritera kva dei trong mest der og då, og svaret var papir til blindeskriftmaskinene. Litt etter skaffa me dei ein palle med eit tonn papir.

.

2015 11 26 Blindeskulen Jente les blindebok.

Ei blind jente med fintfølande fingertuppar les for oss. Nesten som ein profesjonell skodespelar framfører ho teksten.

Det paradoksale ved dagens situasjon er at skulen igjen har gått tom for blindeskriftpapir. Slikt papir finst ikkje å oppdriva i Moldova for tida, og skulen har, som dei fleste institusjonar i landet, heller ikkje pengar å handla for.

I 1998 ville me så gjerne hjelpa dei fagleg også, ikkje berre materielt. Det forsto me trongst, men ingen av oss hadde peiling på fagfeltet blinde og svaksynte.

Me måtte ut på leit, og på vår leiting fann me ein optikar som heitte Hans Bjørn Bakketeig. Han ville gjerne vera med til Moldova for å få ei oversikt på tilhøva. Han vart så sjokkert og engasjert over det han såg at han straks svarte ja. I løpet av dei siste 12 – 13 åra har Hans Bjørn og medarbeidarane hans revolusjonert fagfeltet svaksynte i den lut fattige moldovske republikken.

2015 11 26 Blindeskulen Gut og lærar LeseTV.

Nyttig hjelpemiddel for svaksynte: LeseTV. Eleven skriv i boka si, og apparatet forstørrar skrifta opp til ønskt nivå på skjermen.  Alle leseTV`ar i Balti, og så godt som i heile Moldova, er utrangerte apparat Hjelp Moldova har fått frå Hjelpemiddelsentralar i Norge.

Hausten 2015 er det 48 elevar ved skulen. I 1998 var det meir enn tre gonger så mange. Tida renn ut for spesialskulane i Moldova. Det skjer ei modernisering av samfunns-systemet. Integrering er stikkordet. Men det er eit tveegga sverd for dei det gjeld, og Moldova er ein umoden nasjon.

For personalet ved skulen er nedleggings-trusselen ei forsterking av at alt går skeis i republikken. Jobbane til dei 13 lærarane og jobbane til dei som lagar mat og dei som vaskar og dei som held orden, er truga. Og økonomien ved skulen er under sterkt press etter kvart som elevtalet går ned. Dei frykar konsekvensane for fagmiljøet. Her er mange glimrande spesialpedagogar samla. Og kva med borna, spør dei. Ingen ting er lagt til rette for overgangen til normalskule, hevdar dei.

.

2015 11 26 Blindeskulen Tom gang.

Tomme korridorar og ledige rom etter kvart som elevgrunnlaget sviktar. Ideelt sett er det bra, men likevel problematisk.

Adventstida 2015 er mørk i Moldova. Nesten alt ser ut til å gå gale. Merittlista til leiarane i den sjølstendige republikken Moldova er ikkje mykje å skryta av på den positive sida. Demokratiet står svakt. Systemet får stryk av folket, politikarane får stryk, sjefane i byråkratiet like så. Fattigdomen aukar for folk flest. Eit lite mindretal er ufatteleg rike. Då landet vart sjølstendig for 25 år sia, viste folketeljingane at den nye republikken busette 4,3 millionar. No bikkar snart folketalet under tre. Mange reiser for å finna lukke og tryggleik i andre land. Dei fleste til Romania, Russland og Italia. Moldova synest utan framtid. Tilbake sit ein befolkning der aldersfordelinga kjem meir og meir ut av balanse.

.

2015 11 26 Blindeskulen Kolhaugen

Svarte kolhaugar i bakgarden. Hjelp Moldova bygde nytt og moderne oljefyrt anlegg for skulen, men det er ikkje i bruk. Det vart sagt at kolforsyningane gav rom for sal på si. Om det skjedde, skal vera usagt, men korrupsjonen rir landet som eit mareritt; på alle nivå.

Den store bankskandalen for eit år sia rystar framleis landet. Svindlarar gøymde vekk ein sum som tilsvarer 1/8 av nasjonalbudsjettet. Og pengane har ingen klart å spora. Dei skuldige ser ut til å gå fri. Hendinga trugar Moldova si tilnærming til Europa. Samstundes sit ein tidlegare statsminister i fengsel klaga for korrupsjon og svindel. Han er ein av dei rikaste i landet.

Spørsmålet er kor lenge EU og Europa kan og vil støtta eit land økonomisk og politisk så lenge det mellom dei som styrer finst folk som ter seg som pengerøvarar og bankranar. Rekninga får dei moldovske borgarane servert i form av auka prisar og dårlegare sørvis.

Problemstillinga vert aktualisert i det eg sit og skriv denne saka. “Braking news” i Moldova denne morgonen er at leiarane for statlige Moldova Gaz er arresterte. Dei skal vera ansvarlege for ulovleg sal av gass for ti-tals millionar kroner. Dei sit i godt løna offentlege leiarstillingar og tener langt meir enn vanlege folk nokon gong kan drøyma om.

Om dei er skuldige eller ikkje, vil kanskje visa seg ein gong i framtida, kanskje ikkje. Eit relevant spørsmål er om me kan stola på korrupsjonsjegarane. Mange vil hevda at mellom dei finst utru tenarar som veit å nytta sine posisjonar, og som kanskje hausar opp ei sak for å skjula ei anna. Og kven er det i så fall som står bak dei igjen?

.

2015 11 26 Blindeskulen Klasserom med elevar

I klasseromma: Fin atmosfære. Ro og orden. Elevar som viser fram skulearbeid av høg kvalitet. Blomster i vindauge og på hyller. Fine fargar og fine dekorasjonar. God tone mellom born og vaksne.

Kontrasten til dei som riv landet i fillebitar er slåande når me møter lærarane på blindeskulen i samarbeid og samspel med med elevane. Dei gløder og utstrålar engasjement og omsorg. Dei administrerer ulike nivå og aldersgrupper i same setting. Og borna er så flinke, og dei likar så godt å visa fram arbeida sine og det dei kan, og det dei har lært. Og dei verkar trygge. Det er slike menneske Moldova treng, slike som ser einskild individet sine behov og ønskje, slike som byggjer individ og fellesskap. Det er dei som byggjer landet. Me møter dei over alt, i alle yrke og næringar, men dei slit i motvind.

.

2015 11 26 Blindeskulen Bygningen inngang

Snart er kanskje berre den ideologiske grunnleggaren av blindskulen tilbake – og han står på sokkel i hagen.

Fleire omtalar landet som ei tikkende bombe. I ein artikkel i The Economist nyleg seier Alina Inayeh, leiar for The Black Sea Trust, ein organisasjon som arbeider for  regionalt samarbeid, nettopp det. Om det eksploderer, seier ein minister som i følgje The Economist ønskjer å vera anonym, vil folk innta gatene, og Russland står klar til å overta landet.

Prognosar kan tyda på at om det var val no, så ville dei pro-russiske partia vinna. Om så skjer, er årsaka at den pro-europeiske koalisjonen, som i ulike variantar har styrt landet siste åra, har krangla så mykje seg i mellom, og stått for så mange uheldige disposisjonar at dei har mista tillit.

Me i Hjelp Molda føler krisa på kroppen kvar dag i den forstand at byråkratar og politikarar på toppen er ufatteleg handlingslamma. Me har etablert eit komplett system for å ivareta helse og rettar for ei stor gruppe borgarar i republikken Moldova. Men dei på toppen som sit med makt og myndigheit for å få inkludert og institusjonalisert dette i det moldovske lovverket, får ikkje fingen ut. Ikkje ein fing ut! Kanskje dei ikkje bryr seg, kanskje dei er uvitande, kanskje til og med vil dei ikkje vita…

 

.

Tekst og foto: Kåre Ness, UtanriksKÅREspondent i Balti – med Eine grausame Salbe i dag…