Logo

Korleis får dei det til?

Du trur det ikkje før du ser det. At dei får det til. Å stilla diagnose på multihandicappa medmenneske som manglar språk, og ikkje evnar å fortelja om sine synsvanskar. Men med stor dyktighet, lang erfaring, ein god porsjon oppfinnsomheit og evne til improvisasjon, empati og tolmod, så får dei det til.

Bildet: Sergei er blind på eine auga, men ser litt på det andre, viser det seg. Akkurat så mykje at Ludmila forstår at han ser at ho held opp to fingre.

Det er berre fantastisk å kunna vera med sjukepleiar Ludmila og optikar Hans Bjørn når dei besøker denne institusjon som er heim for 208 unge menneske, berre gutar, med eit aldersspenn frå 7 år til 39. Alle har ein eller annan mental diagnose, og i tillegg er mange så skrale fysisk at dei ikkje kan gå ved eiga hjelp. Armar og bein fer i allslags retningar unnateke den rette. Nokre av borna ligg i sengene sine 24 timar i døgeret, sju dagar i veka. Nokre synest å vera i god form både psykisk og fysisk, og imponerer oss med song, dans og kunstnarleg prestasjonar.

Slike heimar har me ikkje lenger i Norge. Den nye direktøren, Alexander Ghidirimshi, mannen til Tatiana, seier han har fokus på tre hovudområde:

1) Å bygga opp eit sunt kosthald, 2) å iverksetja aktivitetar som stimulerer kvar enkelt brukar, og 3) på sikt å førebu nedlegging av institusjonen slik at brukarane kan integrerast i famile og lokalsamfunn. At brukarane no får sjekka augene, er ein del av det å etablera eit betre helsetilbod på heimen.

————————–

Viktor (25) er ein  stasleg, ung mann med eit vinnande vesen. Han smiler heile tida, frå han kjem til han går. Han slit med gangen, men han går. Og han slit med synet. Augne hans er u-koordinerte. Hans Bjørn viser kor det venstre auge-eplet vibrerer i lynfart att og fram når han dekker til det høgre. Hans Bjørn seier at det han ser, kan samanliknast med bildet du får om du veivar fotoapparatet fram og tilbake når du  trykkjer av.  Men eit par gode brille kan hjelpa og stabilisera. Viktor får briller som kan produserast i Moldova med styrke minus 3,5.

2015 11 27 3 Victor 25

Eg ser på deg, og du ser på meg: Hans Bjørn tek mål for at dei nye brillene til Viktor (25), skal passa på nasa. 

.

2015 11 27 8 Alexander.

Alexander (28) var stilig kledd i pen, mørk bukse og mørk jakke med kvite ermer. Smilande blid og entusiastisk tek han oss i handa. Synssjekken startar. Ludmila peikar på bokstavar og symbol. Avstand nøyaktig tre meter. Diagnostiseringa går føre seg på eit møterom som for anledningen er gjort om til undersøkelsesrom. Alexander ein ein av av dei som treng brille, men greier seg med ei normalbrille.

Ivan (21) er ein humoristisk ung mann som kjem inn i rullestol. Sjøl om han berre har halvannan finger på kvar hand, og spinkle armar, kjører han stolen sjøl og svingar på plass. Seinare på dagen møter me han utan stol. Då går og spring han på knærne. Eine foten sluttar ved kneet. Den andre foten er heil, men leggen nedanfor kneet går i ein knekk 90 grader bakover. Han styrer sjøl pinnen som dekker auga når han skal sjå på synstavla med det andre. Han ønskjer briller, og sjekken viser at han greier seg med vanlege kjøpebriller med relativt låg styrke.

2015 11 27 5 Ivan 21

Ivan meistrar dei mest utruleg oppgåver med sitt handicap. Sjå på hendene hans. Med dei syr han fantastiske bilde med nål og tråd på frihand etter mønster som han kopierer.

Denis (26) er også ein kjekk, ung mann. Av den aktive typen. Han likar å snakka om kassettar og musikk, og gleder seg stort når han får taklyset til å gå av og på ved å trykkja på brytaren. Det er krevjande å fanga blikket hans, nesten heilt umogeleg. Men bamsen i gilde fargar hjelper litt. Han likar URSU, bjørnar, og synest denne er ål-reit å sjå på, ei lita stund. Så flyg tankane andre vegar.

2015 11 27 6 Denis 27.

Bamsetrikset verkar. Ei lita stund kviler blikket på ursuen.

2015 11 27 7 Denis 27.

To varsame hender, og Ludmila hjelper til slik at Hans Bjørn får fram rette glaset frå kufferten og så vidt nok tid til å kika inn i auga.

Vasili A gjer eit djupt inntrykk på oss alle. Han kjem inn stilt og umerkande. Har eit ope ansikt og smiler spørjande heile tida. Hans Bjørn tek mot han slik han er så god til. Helser i handa, tek rundt pasienten sin, snakkar vennleg og med empati. Ei mjuk og god røyst. Han bryr seg. Vasili set seg på stolen og ser på oss, eller kanskje rettare sagt mot oss. For det er nok ikkje så mykje han ser. Språk og begrepsforståinga synest vera veldig svak. Hans Bjørn er i ferd med å konkludera at  her kan lite gjerast. Men Ludmila vil prøva litt til, og litt til. Det gjev resultat, for med eitt oppdagar ho at han greier gjenkjenna ulike symbol, og at han greier skilja mellom ein fing og to fingre: Fantastisk, Vasili,  BRAVO!  Så flott!

.

2015 11 27 9 Vasili 26

Gjennombrotet; Vasili svarar med to fingre når Ludmila viser to!

2015 11 27 10 Vasili 26.

Og så finn dei tonen. Avstand ein meter. Ludmila peikar på hjartesymbolet på tavla. Vasili peikar på hjartesymbolet på kortet sitt.

Vasili hadde langt meir inne enn me først trudde. Det er lett å undervurdera dei som bur her på heimen. Før han går, spør han med låg, kviskrande stemme: -Kva heiter denne mannen? Å, han heiter Hans?

Så tek han Hans Bjørn i handa, tett inntil, ser på han og seier: -Hans, kom tilbake til oss.

.

2015 11 27 Sovesal

Alexander og hans nestkommanderande viser fram ein av sovesalane. Det er reint og pent og strøkent, og ser imponerande ut på overflata. Men madrasser og putar treng skiftast. Putane er nesten utan innmat. Mandag kjøper me nye så dei kan skifta på denne salen.

.

Tankane flyg når me set oss i bilen og reiser. –Vi har en liten søster, vi har en liten bror, seier eg til Hans Bjørn, og kjem ikkje lenger. -Ikkje sei meir, svarar han, og tårene trillar på oss begge.

.

Kåre Ness, UtanriksKÅREspondent som ein halv dag var på institusjon i Orhei…