Logo

Om julebesøk hjå Rodica, og litt om katten i tunet

Rodica bobler over. Ho set på tevatn og server rykende varm drikke. Tryllar fram litt sjokolade. Fortel om korleis livet artar seg for henne og jentene og det nye fosterbarnet. Ho klagar aldri, men fortel om hjelpa ho får. Ikkje minst det at nokon bryr seg. Julegåvepengane og midlar frå ein privatperson gjer at ho har meir tid til borna. Trusselen om ho makta utgiftene til vatn, varme, medisinar og mat i magane er borte.
 .
Bildet: Mihael, Anastasia og Ludmila har fått adventkalendarer; helsing frå tre gutar på Lindås.

————————-
Heile familien er heime. Godt og varmt i huset. God fyr i omnen. Rodica har kjøpt ved for julegåvepengar anno 2014. Veden varer ut januar. Borna har fått varme vinterklede. Når me går, får Rodica midlar til meire ved, og endå litt til for å stella i stand jul og høgtid for.
.
2015 11 28 Rodica og tre born
.
Tantebarnet Mihael  er ny i familien og synest det er OK å bu saman med Anastasia og Ludmila.
.
Alt er fint og reint og på stell hjå Rodica. Husværet har ho på nåde. Vatn hentar ho i brunnen. Ho risikerer at dei tek gassen om ho ikkje betaler i rett tid. Gjennom julegåveprosjektet og privat sponsing får Rodica hjelp til å greia utgiftene og halda hovudet over vatn. Me som har gleda av å kjenna denne flotte familien har fått stor respekt for den tapre mora og jentene hennar.
Familien har fått ett nytt medlem i løpet av hausten. Rodica har teke ansvar for tantebarnet Mihael. Mora ligg kreftsjuk i Moskva. Mihael går i første klasse, er eitt år eldre enn tvillingane. Han snakkar russisk og leikar godt saman med tvillingkusinene Anastasia og Ludmila og storesøster Gabriela. Saman snakkar dei mest moldovsk.
2015 11 28 Tre born
 .
Dei tre synest godt om adventkalendarane som er gåve frå tre norske gutar. Slike kalendarar er ikkje vanlege i Moldova.
..
2015 11 28 Ludmila og Gabriela
 .
Ei luke å opna kvar dag. Interessant, tenkjer Ludmila. Ho har funne første luka, den med 1-talet på, og snart den andre og den tredje. Fin måte å trena teljing på.
.
 ..
Rodica fortel om barnehagen.  Først fekk dei ikkje plass grunna handikappet til tvillingane. Rodica spurde om dei kunne få plass om ho var med og jobba gratis. Det fekk ho, og det går fint med jentene! Men begge er plaga med cerebral parese og treng oppfølging. Nyleg var dei to veker på internat for trening og behandling. Alle borna, også storesøster og fosterbror var med. Dei kunne ikkje vera heim åleine.  No må dei ta igjen det dei mista under fråværet på skulen. Men det skal gå bra!
..
2015 11 28 Ludmila kjører bil
.
 Skøyar og spilloppmakar Anastasia trenar til ho skal ta førarkort., 
Det er ein tankevekkar at ei hard pressa mor med tre born har krefter til å ta til seg eit fosterbarn. Me må senda hjarteleg takk til alle som støttar Julegåveprosjektet til Hjelp Moldova for støtta. Vårt første møte med Rodica var miserabelt. Ho var langt nede og utan overskot og energi. Kampen for å overleva var i ferd med å knekka henne. Ei observant Tatiana på Synssenteret skjøna at noko var gale, og tok aksjon. No er Rodica full av energi og livsmot og ho er berre fantastisk dyktig til å ta vare på familien sin. Ho ønskjer aller helst å ta utdanning som sjukepleiar. Det vert ei utfordring! Men håpet er der. No har ho ein sesongbetont deltidsjobb på eit gartneri i nærleiken.
 .
2015 11 28 Rodica og HBB Katten
.
Rodica møter oss. I tunet dukkar katten opp. Han let vel, katten!

Katten sit i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten,
det er han som er varast i garden.

Olav H Hauge

Dropar i austavind – 1966

.

.

Tekst og bilde: Kåre Ness/UtanriksKÅREspondent i Chisinau