Logo

20/3: Ny seng for søstrene Surugiu

Familien Surugiu har fått midlar frå Hjelp Moldova sitt Julegåveprosjekt. For pengane kjøpte mamma Surugiu ny seng til jentene sine.

Dumitrita (bildet) på åtte år er midt i søstreflokken på seks. Ho syntest det er stas å flytta opp frå golvmadrassa som jentene delte før. No søv dei fire minste søstrene på tvers nederst i ny køyeseng medan storesøstrene deler toppetasjen.

Julegåveprosjektet går kort ut på dette: I staden for å kjøpa presangar å gje bort til jul, kan du kjøpa eit gåvebrev frå Hjelp Moldova. Prisen bestemmer du sjøl. Gåvebrevet inneheld ein tekst som omtalar kva pengane du betaler går til. Pengane som kom inn jula 2010 var nytta til å gje fire vanskelegstilde familiar ei oppmuntring til jul. Mellom desse var altså familien Surugiu. Denne familien var også med året før. Då ønskte dei seg vaskemaskin, og det fekk dei.

Bildet, nederst frå høgre: Dumitrita (8), Joana (4), Christina (6) og  Maria (1 1/2) på armen til Mamma Lumiuita. Bak til høgre står Mihaela (13) og Domnica (15). Den nye senga hadde madrass berre nede. Vi ordna det slik då vi besøkte familien i dag at dei får madrass i øvste etasjen også.

Tekst og foto: Kåre Ness