Logo

Voinicel – Ein oase i Moldova

Bratt og kronglete er vegen du må gå om barnet ditt ikkje er friskt. Mange kampar skal du kjempa, mest åleine. Men ein stad finst hjelp. Voinicel er ein oase for dei som når dit.
.
Bildet: Borna på Voinicel kan vera mellom dei aller mest utfordrande å diagnostisera. Mamma har jenta på skuldra. Bak står Tatiana med lys og lyd. Hans Bjørn venter på rette augneblinken.

————————-

.
Voinicel er eit senter for tidleg intervensjon, med føremål å førebyggja at foreldre med funksjonshemma born sender borna sine på barneheim.
 .
Voinicel er for dei som er minst og svakast og mest sårbare. Eit stort tal førskuleborn får periodevis trening og stimulering tilpassa sine spesielle behov. Dei føresette får oppfølging,  rådgjeving, hjelp og støtte slik at dei betre kan meistra omsorga, og på ein slik måte at dei skal kunna behalda borna sine heime.
 .
2015 11 30 Voinicel Alle jobbar
 .
Voinicel har i mange år hatt eit godt samarbeide med Hjelp Moldova. Mange av borna har synsvanskar.
 .
Ofte møter foreldre med “ikkje-normale” born avvising når dei søkjer hjelp hjå kommune, i barnehage eller på skule: Barnet ditt er ikkje normalt. Slike har me ikkje plass til. Du må gå!  Ved Voinicel finst lege, psykolog, pedagog, logoped og anna relevant personell. Dei er utruleg dyktige på å sjå mulighetene barnet som finst i barnet. Dei er utruleg flinke til å stimulere og utvikla evner som er vanskeleg å få auga på. Dei er utruleg flinke til å støtta, og læra opp og motivera dei føresette.
.
thumb_DSC_2895_1024
.
Der kom augneblinken Hans Bjørn venta på.
 .
-Det er som å koma til ein oase i ørkenen, seier ei mor om opphaldet på Voinicel.
Leiar for Voinicel, er den kjende legen og spesialisten i nevrologi, professor Ivan Puiu. Han fortel at Voinicel, pr moldovsk definisjon er ein NGO, eit ikkje-statleg tiltak, slik også Synssenteret/Hjelp Moldova vert definert. Dermed oppfyller dei to organisasjonane pr definisjon ikkje fullt ut staten sine krav til støtte. Og dermed vert brukarane til dei to organisasjonane skadelidande.
-Me arbeider hard for å få fortgang i arbeidet med å sikra rettane til dei gruppene me arbeider med og for. Det er krevjande med det noverande regime, seier Ivan som for tida mobiliserer alle gode krefter for å nå fram.
.
2015 11 30 Voinicel inngang
 .
Voinicel er som eit eventyrhus. Marina Puiu, gift med leiaren Ivan,  jobbar også ved senteret. Her tek ho farvel med Hans Bjørn.
 ..,

Meir om  Voinicel:

Voinicel er eit senter for tidleg intervensjon, med føremål å førebyggja at foreldre med funksjonshemma born sender borna sine på barneheim  (http://voinicel.md/en). Senteret er oppretta med hjelp av norske AHEAD (http://ahead-moldova.no/) som jobbar med å fremja livskvalitet og rettar til funksjonshemma born. Utanriksdepartementet i Norge har ytt pengestøtte både i starten foromlag 12 år sia, og til nye lokal opna for halvanna år sia. Hjelp Moldova har samarbeidd med Voinicel over lang tid.

.

Tekst og bilde: Kåre Ness

.

.