Logo

Møte med WHO

Haris Hajrulahovic er ny land-sjef for Verdas Helseorganisasjon (WHO) i Moldova. Hjelp Moldova var mellom dei første organisasjonane han møtte i sin nye jobb. Han lytta med interesse til vår orientering og noterte seg våre utfordringar i arbeidet med og for synshemma i republikken. Relasjonsbygging er avgjerande for å oppnå gode resultat.

.

Bildet: WHO har kontor i Le Roi Business Centre. Bygningen huser fleire andre FN organisasjonar, mellom desse UNDP som Hjelp Moldova har hatt oppdrag for tidlegare.

—————-

Haris Hajrulahovic kjem frå Bosnia Herzegovina, studerte hygiene og tropisk medisin i London, og har lang erfaring frå WHO. Han understreka at han var svært bevisst på kor stor betydning det har for samfunnsdeltaking og integrering at svaksynte får hjelp på eit tidleg tidspunkt. Tida vil visa kor stor påverknad den nye WHO- sjefen og organisasjonen hans har på prioriteringane til moldovske styresmakter.

.

2015 12 01 HBB+TG Haris H

..Haris Hajrulahovic til høgre, saman med Tatiana Ghidirimshi og Hans Bjørn Bakketeig. 

-Eg kan ikkje koma med lovnader, men eg forsikrar at eg skal leggja fram saka dykkar for ministeren med tanke på at integrering og rehabilitering av synshemma vert ein del av nasjonal helseplan, sa Hajrulahovic.

WHO har eit svært godt program for ivaretaking av synshemma på verdsbasis. Om Hajrulahovic får den moldovske helseministeren til å ta dette inn over seg, kan han vera ein god mann for dei mange moldovske innbyggjarane som i dag i stor grad er ekskluderte frå vanleg skulegang og muligheiter til arbeid.

.

Tekst og bilde: Kåre Ness/UtanriksKÅREspondent også i møte med WHO