Logo

Gåvekort til jul – eit godt alternativ

Hjelp Moldova vil også i år selgja gåvekort til jul. Pengane som kjem inn, vert uavkorta fordelt på sju vanskeleg stilte familiar i Moldova. Vi gjer ein utfordrande kvardag litt lettare for dei det gjeld. Ein del pengar går til å handla mat for, til dekking av medisinutgifter, kjøp av varme vinterklede, støtte til fyringsutgifter, og stundom støtte til utdanning.

Bildet: Mihaela og familien har fått rennande vatn for julegåvepengar. Grøftene grov dei sjølve.

.

Under finn du informasjon om korleis du skaffar deg gåvekort, og og om familiane som du hjelper.

—————-

2015 11 28 Rodica og tre born

Rodica, tvillingane og fostersonen nyt godt av julegåvepengar!

Du kan kjøpa så mange gåvekort du vil, for ein sum du sjøl bestemmer. Dersom du ønskjer det. kan du skrive ut gåvekortet sjøl, sjå med grøn skrift under, eller du kan bestille det på glansa papir hjå Irmelin. Når du har fått korta, skriv du sjøl på namn og eventuelt summen du har betalt for kortet.

Gåvekort bestiller du på e-post til:  irmelin1972@yahoo.no

eller du kan senda brev med bestilling  til:  Irmelin Bjerring Hansen, Lilletveitåsen 33, 5228 Nesttun,

eller på telefon til Irmelin: 977 95 388

Hugs å opplysa om  adressa di slik at vi kan sende deg gåvekorta.

Kjøpesummen set du inn på konto: 3626 07 23590 (Kasserar i Hjelp Moldova: Astrid Daae Kristiansen, Sandneslia 4, 5981 Masfjordnes). Merk pengane: “Julegåve”.

Ta gjerne kontakt om du lurer på noko.

Klikk på den grøne lenka under, og du får fram gåvekort som du kan printa ut sjøl.

.

2015 Gåvekort 2015

 

Med vennleg helsing

Åse Hundvin

Tlf 416 34 670

 

Sjå vedlegget under, med raud skrift, for meir informasjon om mottakarane:

.

2015 11 05 Julegåveprosjektet