Logo

21/3: Positive signal frå ministeren

-Vi må byggja vidare på den innsatsen Hjelp Moldova har gjort for synshemma gjennom mange år, sa Arbeids-, familie- og sosialminister Valentina Buliga då ho møtte oss i byen Cosieri i dag, måndag 21. mars. Det var difor svært positivt at ministeren inviterte leiaren for Synssenteret, Tatiana Ghidirimshi, til nytt møte i departementet alt i neste veke.

Valentina Buliga viste at ho hadde god kjennskap til Hjelp Moldova sitt arbeid for synshemma. Ho hadde lese og sett seg inn i årsrapporten for Synssenteret, og sa at ho var imponert over den omfattande verksemda.

Ministeren vart positivt overraska då Hans Bjørn orienterte om alle andre prosjekt og aktivitetar organisasjonen er, og har vore engasjert i.

Det viktigaste vi kan håpa på på kort sikt er å få ministeren si hjelp til å skaffa Synssenteret betre lokalitetar. Vi oppfatta Valentina Buliga slik at ho ønskte det. Ministeren sa også at ho ville kontakta Helsedepartementet for å involvera kollegaene sine der med tanke på samarbeid frametter.

Bildet: God kontakt mellom minister Valentina Buliga og Hans Bjørn Bakketeig.

Tekst og foto: Kåre Ness