Logo

Ein minister å tru på

Den nye statsråden for sosiale saker, familie og arbeid, Stela Grigoras, inviterte Hjelp Moldova til samarbeid i sitt første møte med organisasjonen:

-Vi må laga ein samarbeidsavtale, sa ministeren.

.

Stela Grigoras overtok ministeransvaret for knapt to månader sidan. Ho uttrykte stor respekt for Hjelp Moldova sitt arbeid for og med svaksynte, og spurde om organisasjonen hadde ein “Memorandum of understanding” eller ein samarbeidsavtale med styresmaktene. Det var viktig, sa ho. Grigoras meinte at partnarane i ein slik avtale må vera hennar departement, (Sosial-, familie- og arbeidsdepartementet), Helsedepartementet og Hjelp Moldova.

Dette er noko vi har jobba for lenge, men utan å nå i mål. Det er første gang vi har opplevd at ein minister sjøl tek til orde for å få i stand ein slik avtale.

.

2016 04 07 Sosialminsteren Open hand

Stela Grigoras inviterer til samarbeid. 

.

Stela Grigoras er utdanna lege og har lang fartstid som deltakar og leiar for frivillige, ideelle organiasjonar (NGOár) som jobbar for å fremja kvinner sine rettar og betra forholda for vanskelegstilde familiar. Vi fekk inntrykk av at ho forsto og verdsette Hjelp Moldova sitt arbeid, og at ho i tida frametter har til hensikt å gjera sitt til at svaksynte sine rettar vert ivareteke i det moldovske samfunnet.

2016 04 07 Sosialdepartementet Oppstilling Minister Stela + TG+HBB

God tone mellom ministeren i midten, Hans Bjørn Bakketeig og Tatiana Ghidirimshi.

Mange gonger tidlegare har vi fått lovnader frå høgaste politisk hald, og mange gonger har har vi vorte skuffa. Etter møtet med Stela Grigoras er vi optimistar, og har tru på at ministeren leverer.

CV for minsteren

.

Kåre Ness/UtanriksKÅREspondent også i møte med ministeren