Logo

Balti – nest størst i Moldova

Bălţi er den nest største byen i Moldova med om lag 190 000 innbyggjarar. Byen vert ofte  kalla ”den nordlege hovudstaden” og er eit viktig senter for industri, kultur, undervising, handel og transport. Hjelp Moldova kom til Bălţi første gong på slutten av 1990- talet då me besøkte blindeskulen der.

Bildet: Fridomshelten Stefan Cel Mare har fått si statue i Balti også. (Foto frå Wikipedia)

Bildet, mars 2011: Våryre elevar ved blindeskulen syntest det var kjekt å få besøk. Foto: Kåre Ness.

Skulen, som tek mot elevar frå heile landet, var den gong nedsliten og mangla ”alt”; utstyr så vel som pengar. Me ville gjerne hjelpa, og spurde kva dei ønskte seg aller mest. Svaret var blindeskriftpapir. Me kjøpte ein palle med dette spesialpapiret til dei. Seinare har Hjelp Moldova skifta tak på skulen og bygd nytt sentralfyringsanlegg. Me har framleis kontakt med skulen. Hans Bjørn og Tatiana følgjer opp personale og elevar fagleg med utredningar og utstyr.

———————————————————————————————————————-

Bildet: Store, svarte åkrar i utkanten av Balti. (Foto: Kåre Ness)

Balti ligg 127 km nord for Chisinau ved elva Raut i eit åslendt landskap midt på Baltisteppa. Her vert det dyrka mais, kveite, sukker og tobakk. Når du kjem til dette området på tidleg vår, er du omgitt av store, svarte nypløgde marker; klar for såing. For ei tid tilbake etablerte eit tysk firma ein tekstilfabrikk her som produserer klede for den tyske marknaden. Fabrikken sysselset heile 3000 arbeidarar. Balti har utvikla seg til å vera ein viktig universitetsby med mange, ulike studieretningar. I Balti er det fabrikkar som produserer pelsklede, konjakk og øl.

—————————————————————————

Bildet: Kveiten vert sådd om hausten, og hadde alt fått eit grønskjer i midten av mars. Foto: Kåre Ness.