Logo

Moldovsk møbeljakt

Dei nye lokala for Synssenteret skal opnast tysdag. Alt er nytt og fint, lyst og hygienisk, og i samsvar med lover og føresegner for helseføretak. Når arealet er firedobla, trengst det litt nye møblar og. UtanriksKÅREspondenten har vore med på oppmåling og møbeljakt.

Møbeljakt. Tatiana i tet, Hans Bjørn to steg bak.

I fire rom, på totalt 74 kvadratmeter, bak ein gammal vegg ikledd seks nye vindauge, finn du det nye nasjonale kompetansesenteret for synshemma i Moldova; eller som det står på dørskiltet: “AO Centrul de Rehabilitare Medico-Sociale pentru Persoane cu Vedere Slaba – Low Vision”. .

2016 04 08 Vindusrekka Senteret

Senteret frå utsida. Gamle vegger, nye glas.

.

2016 04 08 Senteret Oppmåling 3

Nytt rom, men tomt. Her trengst eit skap. Men kor stort kan det vera, og kvar skal det stå? To personar og to meiningar.

.

2016 04 08 Senteret Oppmåling 2

Tre personar og potensielt tre meiningar. Men tre diplomatar samarbeider om god løysingar .

.

2016 04 08 Senteret Oppmåling 1

 Detaljar på golvnivå. Nøytralt målband avgjer.

.

2016 04 08 Speil Marknad

Møbeljakt, første fase. Utemøbelmarknad. Tatiana i tet. Hans Bjørn har indresving og er snart på sida.

.

2016 04 08 Utemarknad Møblar

Møbelprærieby. Slikt har vi ikkje heime. Gater og gatekryss fulle av møblar. Likevel ikkje dei vi jakta på. 

.

2016 04 08 Møbelsenter

Vi må innadørs, prøver fleire, og endar i Reator Mall. Eit møbelberg.

.

2016 04 08 Interiør Møblar

Inne i Berget – som i eventyret.

.

2016 04 08 Møbelsenter inne

Kjøpar og selgjar vurderer kombinasjonar og prisar.

.

2016 04 08 Møbrlsenter Einigheit

Hans Bjørn gir sitt samtykke.  Lyst, pent og praktisk. Tyrkisk kvalitet. Avslag 20 prosent, inkludert frakt og montering. Mission completed.

..

.

Tekst og foto: Kåre Ness/UtanriksKÅREspondent på møbelhandel