Logo

Dagen før dagen

Den 12. april vert ein merkedag for Synssenteret, Hjelp Moldova og dei synshemma i den moldovske republikken. Klokka 15 startar opningsseremonien med inviterte gjester. Gjestane representerer brukarar, moldovske og norske styresmakter og andre gode samarbeidspartnarer.

Dagen før dagen er hektisk til siste slutt. Meir om det under:

Bildet: Tid for flaggheising.

.

.

2016 04 11 Senteret 14

 Tatiana har jobba natt og dag siste tida: – Ja, eg er trøytt, men det er av glede. Dette er så stort at eg kjenner berre glede!

.

2016 04 11 Senteret. 1jpg

Utstyrssjekk, flytting, montering og rydding. Rekneskapsansvarleg Ecaterina sjekkar PC´n og lege Tatiana II monterer papirhaldar. 

.

2016 04 11 Senteret 2

 Flimmer Film lagar dokumentar om Hans Bjørn og arbeidet i Moldova. Arne og Stian er på plass og filmar det meste.

.

2016 04 11 Senteret 6

Ikkje berre det meste  – men alt.

.

2016 04 11 Senteret 8

Jurij er altmogelegmann. Han fiksar alt. Får orden på alt. Monterer nytt og reparerer gammalt.

.

2016 04 11 Senteret 4

Viljen til å hjelpa er stor.

.

2016 04 11 Senteret 9

Det gamle lokalet var så lite at der var ikkje plass til alt utstyret. No dukkar det opp frå lager og kartongar og kjem i bruk.

.

2016 04 11 Senteret 7

Kvalitetskontroll: Denne saksa er skarp nok for snorklipping.

.

2016 04 11 Senteret 10

Inspirasjon for huseigar. Jammen kom det eit heilt arbeidslag og pussa opp korridoren utanfor Senteret. 

.

2016 04 11 Senteret 3

Del av flyttelasset, opp av kartongen, kom dette eksemplaret av bladet “Optikaren” der Hans Bjørn vert presentert som “Optometrist of the World 2012”.

.

2016 04 11 Senteret 11

Tommel opp for nytt senter og nye muligheiter! Ludmila, Tatiana og Hans Bjørn.

.

Tekst og bilde av Kåre Ness/UtanriksKÅREspondent i helane på dei andre.