Logo

Vesle Daniel opna stort senter

Vesle Daniel klipte snora saman med Herman Baskår. Dermed var det nye senteret opna. Daniel (10) representerte brukarane ved senteret. Herman Baskår, ambassaderåd i Bucuresti, representerte norske styresmakter.

– Mange sa at tankane våre, planane våre og ønskja våre var urealistiske. Men i dag har draumane våre gått i oppfylling. Eg er så stolt og glad, sa Tatiana Ghidirimshi som leiar Senteret.

Bildet: Tatiana assisterer,  Daniel klipper. (Foto: Flimmer Film).

Klart for snorklipping og høgtid:

.

thumb_DSC_6649_1024

Hans Bjørn introduserer snorklipparane: Brukar Daniel og ambassaderåd Herman.

.

Gjestelista var imponerande med representantar frå FN sin høgkommisær i Moldova, den moldovske statsministeren sitt kontor, helsedepartementet, sosialdepartementet, parlamentet, det medisinske universitetet i Chisinau, brukarane ved senteret, dei tilsette ved senteret, den norske ambassaden til Romania og Moldova, det norske Utanriksdepartementet, og ei rekkje andre av våre gode samarbeidspartnarar.

thumb_DSC_6674_1024

Xenia Siminciuc representerte FN sin høgkommisær til Moldova. Ho er svaksynt og brukar ved senteret. – Det er ikkje dei med handicap det er noko gale med, det er omgjevnadane, sa ho.  Når tilhøva vert lagt til rette, kan alle fungera; i skule, arbeid og fritid. Til venstre Boris Gilca, tidlegare vise-helseminister, no rådgjevar ved statsministerens kontor. Hans bidrag har vore avgjerande for at vi fekk dei nye lokala.

.

thumb_DSC_6683_1024

Mircea Buga, tidlegare sosialminister, no rådgjevar for statsministeren, sa mellom anna: – Statsminister Filip Pavel  helsar dykk. Vi er imponerte over innsatsen og resultata de har oppnådd. Vi er klare for å vidareføra samarbeidet. Våre dører er opne. 

.

thumb_DSC_6612_1024

Aase Larisssa F. Kosanovic er underdirektør i Utanriksdepartementet, her i sitt første møte med Tatiana Ghidirimshi. Utanriksdepartementet har i mange år vore vår viktigaste samarbeidspartnar i arbeidet med å bygga opp den augehelsetenesta i Moldova.

.

thumb_DSC_6754_1024

Brukarane ved senteret var godt representerte. Ti år gamle Svetlana kom frå Tiraspol i utbrytar-regionen Transnistria saman med mamma Olesea. Begge er sterkt synshemma, men kan leva eit normalt liv takk vere hjelp frå Synssenteret.

.

Meir om opninga seinare.

.

Tekst og foto: Kåre Ness