Logo

Våre dører er opne …

-Våre dører er opne. Det er bodskapen frå statsminister Pavel Filip. No inviterer styresmaktene i den moldovske republikken Hjelp Moldova til samarbeid. Det skjer 12 år etter at Hjelp Moldova opna sine dører.

Det er tid for handling, tid for samhandling, tid for å visa at ord og avtalar er meir enn fraser og skulderklapp.

.

Bildet: Opne dører: Det er vesle Daniel det dreier seg om. Han og 100.000 andre svaksynte i Moldova

Etableringa av Synsenteret i nye lokale ser ut til å vera det store gjennombrotet for Hjelp Moldova sitt arbeid med og for synshemma i den fattige republikken. Det dreier seg ikkje berre om diagnoser, briller og luper. Det handler like myke om menneskerettar, inkludering og verdigheit.

.

Xenia Siminciuc frå FN sin Høgkommisær (United Nations Human Rights, Office of the High Commissioner):

– Det er ikkje dei funksjonshemma det er noko gale med. Det er omgjevnadane.  Arbeidet med å leggja til rette for inkludering av menneske med funksjonsvanskar er avgjerande i kampen for menneskerettane. Innsatsen for og med synshemma representerer viktige og verdfulle bidrag i denne kampen!

2016 04 12 Xenia Siminciuc UN

Xenia Siminciuc ser berre 3 prosent, og er sjøl brukar ved Synssenteret.

.

Snorklippar Daniel (10):

DSC_6739

Først klipte han snora og erklærte Senteret for opna. Så held Daniel (10) tale og fortalde kva hjelpa han har fått betyr. Her viser han korleis han kan bruka mobiltelefonen ved hjelp av ei spesiallupe.

 .

Daniel fortel kor viktig tilrettelagte omgjevnader og rette hjelpemiddel er for livskvalitet og samfunnsdeltaking:

-Før eg fekk hjelp av Tatiana og Hans Bjørn, måtte eg bu på ein internatskule for blinde og svaksynte langt heimefrå. Eg lenkta heim. Så fekk me høyra om Synssenteret, og eg fekk koma dit. Der møtte eg Tatiana og Hans Bjørn. Dei undersøkte augene mine. Så fekk eg briller, lupe og leseTV. Eg fekk læra korleis eg skulle bruka det. Det same gjorde mamma. Det er viktig at ho også forstår. No bur eg heime. No eg går på grendeskulen saman med venene mine. No har eg det fint.

.

Mamma Olesia frå Tiraspol, Transnistria:

Svetlana (10), mamma Olesia, også svaksynt, frå Tiraspol, deltok på opninga. Mamma seier:

-Takk for at de kom til barnehagen og skulen vår. Takk for at de hjelper borna våre. Takk for at de underviser lærarane og legen vår. Takk for utstyr og hjelpemiddel. Vi har fått nytt livsmot og tru på framtida.

.

2016 04 12 Olesia Svetlana HBB TG 2

 Svetlana, Tatiana, mamma Olesia og Hans Bjørn etter opningsfesten.

 .

Evelyna, (19) student, brukar og entusiast:

Evelyna,  brukar, student og medarbeidar ved Synssenteret, var også med på opninga. Hennar mål er at alle skal med. Ho seier:

-Eg veit kva det vil seia å vera synshemma. Eg veit kva det betyr å få rett hjelp. Derfor er eg så glad for at senteret og andre frå Norge støttar meg og ideene mine om å samla andre synshemma ungdommar i eit fellesskap der vi hjelper, inspirerer og motiverer kvarandre. Vi er alt i gang med planlegging. Vi ønskjer å starta engelsk-kurs til hausten. Det er så viktig for ungdom, ikkje minst synshemma som vil ta utdanning, å meistra språk. Eg gler meg så du kan ikkje tru det!

.

2016 04 12 Evelyna

Evelyna er ein ressursperson for Synssenteret.

 

Augene opp for synshemma – Dørene opnar seg

Statsministeren:

– Vi er klare. Våre dører er opne.
Som ved eit trylleslag er alle med oss. Alle “dei rette”  var til stades ved opninga. Moldovske styresmakter på øvste nivå: Representantar for statsministeren, helseministeren, sosialministeren, parliamentet og Universitetet i Chisinau. Norske styresmakter med representantar for Utanriksdepartementet og ambassaden. Formelt sett var kanskje den fremste av dei alle Xenia Siminciuc frå FN sin Høgkommisær (United Nations Human Rights, Office of the High Commissioner).

.

Mircea Buga frå Statsministerens kontor:

.

2016 04 Mircea Buga Statsministerens kontor

Mircea Buga helste frå statsministeren. I talen understreka han betydningen av Hjelp Moldova sitt arbeid for å rehabilitera og inkludera synshemma.

–  Våre dører er opne. Vi er klare, sa Buga. Buga var sosialminister heilt til for vel ein månad sia. Det var han som signerte avtalen mellom Hjelp Moldova og departementet om leige av dei nye lokala.

Det er Hjelp Moldova som har kosta oppussing av lokala. Hjelp Moldova må også betala husleige for lokalitetane. Den moldovske staten er fattig. Vi må likevel stilla spørsmål om det er rett at vi skal betala staten for å driva helsearbeid. Hjelp Moldova har i prinsippet ingen midlar anna enn dei vi får frå våre støttespelarar og samarbeidspartnarar.

.

Victor Savin frå Helsedepartementet:

.

2016 04 12 Victor Savin Helsedepartementet

Victor Savin er “superbyråkrat” og øvste embetsmann i det moldovske helsedepartementet. (Head of the cabinet of Minister of Health)

Dr Savin, tidlegare sjukehusdirektør, helsa frå ministeren. Han stadfesta at no skal det etablerast ein forpliktande samarbeidsavtale mellom helsedepartementet, sosialdepartementet, universitetet og Hjelp Moldova.

Dette er heilt avgjerande for å sikra at staten tek sine plikter på alvor og på sikt overtek det ansvaret Hjelp Moldova har teke til no.

.

Veaceslav Tizu, direktør for CREPOR og representant for sosialdepartementet:

DSC_6696

Veaceslav Tizu er direktør for CREPOR, rehabiliteringsinstitusjonen der Synssenteret har lokale. CREPOR er ein nasjonal institusjon under sosialdepartementet. Han representerte sosialministeren under opninga.

Tizu understreka at han var glad for at Senteret etablerer seg i bygningsmassen til CREPOR, og at samarbeidet mellom Hjelp Moldova og CREPOR vert vidareført. Den nye sosialministeren, Stela Grigoras, som vi møtte tidlegare i veka, inviterte til samarbeid, og sa då at ho også ville ta initativ til å inngå eit formelt samarbeid med Hjelp Moldova om etablering av nasjonal helseplan for synshemma, og formalisera samarbeidet med Hjelp Moldova.

.

Parlamentsmedlem Valentina Rotaru

.

2016 04 12 Valeentina Rotaru Parliamentet

 Valentina Rotaru (til høgre)  er tidlegare viseminister i Helsedepartementet og no medlem i Parlamentet.

Rotaru sa ho ville nytta si lange erfaring frå politikken, både frå regjeringsarbeid og som folkevald, til å fremja arbeidet til beste for synshemma. Ha sa at innsatsen Hjelp Moldovas står for, er av uvurderleg betydning i moldovsk helsesamanheng.

.

Eugen Bendelic, Professor ved Republican Hospital, dekan ved Det medisinske universitetet:

.

DSC_6712

Eugen Bendelic gratulerer og helsar Hans Bjørn og Tatiana

Høgskulen Sør-Øst på Kongsberg er i ferd med å etablera fire-årig universitetsstudium i optometri ved Det medisinske universitetet i Chisinau. Frå universitetet si side er professor Bendelic ansvarleg. Både optometristudentar og oftalmologistudentar (augespesialistar) vil få praksis ved det det nyopna Synssenteret.

Professor Bendelic sa:  -Kompetansen dykkar og arbeidet dykkar er heilt avgjerande for utviklinga av optometrifaget og oftalmologifaget i Moldova. Eg ser fram til det utvida samarbeidet med dykk no når vi etablerer Senteret som universitetsklinikk.

.

Krise i helsevesenet

DSC_6726

Professor Valeriu Cusnir og assisterande professor Valentina Lupan helsar frå Municipal Universitetssjukehus der begge er lærarar og augekirurgar.

.

Også studentar frå Municipal vil få praksis ved Senteret. Municipal-sjukehuset er, på same måte som Republican, i stor grad avhengige av norsk hjelp. Det er takk vere støtta i form av kompetanse og utstyr formidla gjennom Hjelp Moldova at universitetssjukehusa i Chisinau har kunna driva på eit nokonlunde anstendig nivå siste ti åra.

Den økonomiske krisa i Moldova gjer at sjukehusa for tida ikkje har pengar til å lønna dei tilsette. I verste fall vert oftalmologiavdelinga ved Republican stengt. Sjukehusa manglar midlar til drift, vedlikehald, utstyr og medisinar.

.

Ein gledens dag. Hard arbeid ventar.

.

2016 04 12 Taatiana og Tatiana med bøker

Tatiana og Tatiana gleder seg over bokgåve frå Norlam. (The Norwegian Mission of Rule of Law Advisers to Moldova).

.

12. april 2016 går inn i historien som ein merkedag og ein gledens dag for Hjelp Moldova og moldovsk augehelseteneste. I tillegg til dei vi har nemt ovanfor delte vi gledene med fleire brukarar og samarbeidspartnar. Det vanka blomster og gåver og gode ord.

No er festen over, og mykje hardt arbeid står framfor oss. Vi må tru på det moldovske styresmakter seier om samarbeid. Men, ut frå erfaringar gjennom mange år, tek vi ingen ting for gitt før vi ser handfaste resultat av lovnadane. Vi veit at den moldovske regjeringa styrer under hard press, og skuldingane om korrupsjon er mange og omfattande.

Hjelp Moldova har kome dit vi er berre takk vere støtte frå norske samarbeidspartnarar. Vi har presentert prosjekta våre for Utanriksdepartementet og fått dei midlane vi har bede om. For å koma i mål, må støtta  frå UD vidaresførast dei næraste åra.

Støtta frå Grieg Foundation har halde liv i Senteret i mange år. Utan Grieg Foundation si støtte kunne vi ikkje drifta senteret.

Dei vidaregåande skulane på Os, i Fusa og Langhaugen i Bergen har tilført Hjelp Moldova fleire hundre tusen kroner gjennom solidaritetsarbeid. Midlane  frå skulane har gjort at vi har kunna driva andre prosjekt. Eit av dei viktigaste er utbygginga av aktivitetsfløyen ved Barnehage nr 74.

Medlemmer og andre støttespelarar har støtta aktivitetane på ulike måtar ved gåver og midlar. Eit slikt tiltak er Julegåveprosjektet der pengane går til støtte for vanskelegstilde familiar.

.

.

Tekst og foto: Kåre Ness/UtanriksKÅREspondent på opningsfest i Chisinau