Logo

– Viktigaste donasjon nokon sinne

Forrige veke overrekte Hjelp Moldova heilt nye lasermaskiner til det moldovske rikshospitalet (Republican Hospital) og Synssenteret. Det nye utstyret kan hindra 50.000 diabetikarar i Moldova frå å verta blinde.

–  Døra til laser-rommet må alltid vera open, og lasarane må gå dag og natt, var Hans Bjørn Bakketeig si klare melding til sjefane på Republican.

Bildet: Verdien på laseren overstig halvannan million lei – ca 750.000 kroner. Den moldovske staten har ikkje råd til å kjøpa inn slikt utstyr.

.

I Moldova finst det nær 100.000 personer med diabetes. Utan behandling kan vi med stor sikkerheit seia at halvparten av desse vert blinde.

-Derfor må laserane i Moldova gå heile tida, dag og natt, seier Hans Bjørn, og legg til: – Eg sa i talen min ved overleveringa at dei nye maskinene må gjerast tilgjengelege for alle augelegane; ikkje minst dei unge, nyutdanna. Det er dei som representerer framtida, og dei må få læra seg å bruka det nye og avenserte utstyret frå dag 1.

2016 06 19 Irina Virlan forklarer

Irina Virlan er ein dei unge, dyktige nyutdanna oftalmologane (augelegane) som har turnusteneste ved Republican Hospitalet. Ho fekk oppgåva med forklara betydningen av det nye utstyret for moldovske dagsrevy-sjåarar  på kanalen Publica. (Foto: Publica.md)

.

2016 06 19 Irian Viraln + pasient 1

Irina Virlan demonsterer den nye laseren saman med pasient Vladimir Franco. Vladimir har gått inn og ut av sjukehus i mange år utan å få skapleg hjelp. Med den nye maskina har han håp om å få bukt med sjukdommen. (Foto: Publica.md)

Styresmaktene var representert med vise-helseminister Aliona Serbulenco. Ho takka hjarteleg for den norske gåva, og la vekt på den store betydningen hjelpa har for moldovsk augehelseteneste. Sjukehusdirektør Cioubano var stolt og glad , og nestor mellom moldovske oftalmologar, professor Bendelic, gav uttrykk for stor takksemd: – Dette er utstyr vi har hatt som nummer ei på ønskjelista vår, og venta på lenge. Dette er ein gledens dag; ein merkedag for moldovsk oftalmologi!

.

2016 06 19 Vise minister Bendelic Ciubanu direktør

Professor Bendelic, viseminister Aliona Serbulenco og sjukehusdirektør Cioubano. (Foto: Tatiana Ghidirimshi).

I tillegg til laseren har Hjelp Moldova også gitt to nye OCT-maskiner (Optical coherance Tomography); ei til Republican og ei til Synssenteret. OCT´en gir mellom anna sikker og god diagnose ved undersøking av pasienten.

.

2016 06 19 Hans Bjørn

Hans Bjørn Bakketeig seier at laser og OCT er viktigaste donasjon gjennom alle tider for Hjelp Moldova. (Foto: Tatiana Ghidirimshi).

– I tillegg til å førebygga unødvendig blindheit, kan det nye utstyret nyttast til behandling av grøn stær (glaucoma), hindra blødningar og retta opp netthinna, fortel Hans Bjørn. Han understrekar også den store samfunnsøkonomiske betydningen behandlinga har: – Tenk deg kor viktig det er at 50.000 menneske kan behalda helsa si, og i motsett fall; kostnanden ved at 50.000 menneske mister syn og arbeidsevne.

.

2016 06 19 Jan Askvik

Augekirurg Jan Askvik frå Bergen Øyelegesenter underviste og rettleia moldovske kollegaer i bruken av det nye utstyret. Han har brukt ei veke av ferien sin dei siste ti åra for å fremma augehelsetenesta i Moldova. (Foto: Publica.md)

.

2016 06 19 Auge sikte laser

Bilde på dataskjerm i storformat viser auga som “skyteskive” for laseren. Her er det berre å fyra laus; ein serie med innertiarar. (Foto: Publica.md)

.

2016 06 19 Auge på storskjerm

Storformatbilde på dataskjermen viser tilstanden på auga. (Foto: Publica.md)

Det har vore stor merksemd denne våren og sommaren frå moldovske styresmakter med tanke på augehelsetenesta Hjelp Moldova har etablert i den moldovske republikken. Ikkje rart det når vår vesle organisasjon med økonomisk stønad frå norske Utanriksdepartementet har skaffa til veie livsviktig utstyr for millionsummar.

Det som er gledeleg og gjev framtidsvon no, er det uttrykte ønsket øvste politiske leiarskap signaliserer når det gjeld framtidig samarbeid. I løpet av dei næraste månadene må dette gje seg uttrykk i handling. Det første som må på plass er ein forpliktande samarbeidsavtale mellom Hjelp Moldova og moldovske styresmakter. Dei relevante partane frå  moldovske side er Helsedepartementet, Sosialdepartementet og Undervisingsdepartementet. I tillegg bør statsministerens kontor bidra.

Siste månadene har Hjelp Moldova møtt representantar på høgaste hald frå alle desse. No gjenstår formaliseringa. Det vert ein spennande haust.

.

2016 06 19 HBB i TV ruta

Hans Bjørn på moldovsk Dagsrevy: La laseren gå natt og dag, og slepp dei unge legane til!

– Vi har aldri vore nærare målet enn no, seier Hans Bjørn. No er alle dører opne for oss, og alle vil bidra. Det ser ut til at styresmaktene innser kor viktig arbeidet vårt er for helsetilstanden til innbyggjarane. Og det er dei det gjeld, dei mange med synsvanskar, og dei mange som står i fare for å mista synet.

.

Kåre Ness/Hjelp Moldova