Logo

Os vgs gir Solidaritetsaksjonen 2011 til Hjelp Moldova

Elevrådet ved Os vidaregåande skule (Os vgs) har i år bestemt seg for å gi ein dag til støtte for ”HJELP MOLDOVA”.  Årets Solidaritetsaksjon ved Os vgs går av stabelen i april/mai 2011 og skal vera avslutta før 17. mai. I aksjonstida tek elevane på seg ulike arbeidsoppgåver til ein minstepris på 300 kroner dagen.

– Dette er berre heilt fantastisk. At Os vgs støttar oss slik er ei tillitserklæring, og betyr utruleg mykje for arbeidet vårt, seier Hans Bjørn Bakketeig som leiar Hjelp Moldova.

Os vgs har lang tradisjon for å gje ein arbeidsdag til humanitære føremål. Elevrådet ved skulen bestemte seg for at pengane i år skal gå til Hjelp Moldova etter at Hans Bjørn besøkte skulen og fortalde om arbeidet i Moldova.

Bildet: Aksjonskomiteen for Solidaritetsaksjonen 2010/2011: Kristine Krokli, Ina Marie Einevoll Torsvik og Dorthe Hekland

Kort om Os vgs:

Os vidaregåande skule ligg idyllisk til ved Ulvenvatnet i Os kommune, 30 km sør for Bergen. Skulen blei starta 9.9. 1981 som Os Yrkesskule og hadde då 9 klassar.  For skoleåret 2010/11 har Os vgs 31 klassar med omlag 480 elevplassar.

Os vgs er i hovudsak ein yrkesfagleg skole med tilbod innan desse utdanningsprogramma:

*Bygg- og anleggsteknikk
*Elektrofag
*Helse- og sosialfag
*Service og samferdsel
*Teknikk og industriell produksjonI tillegg har skulen tilbod innan:

*Allmennfagleg påbygging

*Kvardagslivstrening i lita gruppe.