Logo

Effektiv og lett lossing,
men langvarig tull i tollen

Nils Fredrik Nilsen kom til avtalt tid, måndag kveld. Kvelden dagen etter var bilen lossa. Ein effektiv sjauegjeng tømte bilen og stabla varene i løpet av nokre timar. Men arbeidet kom seint i gang. Det sytte stivbeinte tollbyråkratar for. Dei hevda lasta var fleire tusen kilo tyngre enn det som sto på lastelista. Vi følte at dei mistenkte oss for juks og smugling.

Bildet:
Bekmørk før lastebilen var tom. Nils Fredrik klar for avreise frå losseplassen saman med reisefølget gjennom heile Europa, Frode Brurås.

,

,

Glimt frå lossing av trailerlast tysdag 2. november 2016

Sju sjauarar sto klare då Nils Fredrik kjørte inn på losseområdet ved CREPOR, institusjonen der Synssenteret har lokale. Ein meir effektiv arbeidsgjeng kan me ikkje hugsa å ha møtt i Moldova. Med i bilen var Frode Brurås. Frode jobbar for Scania i Bergen, og er Nils Fredrik sin kontaktperson i selskapet der han kjøper og vedlikeheld lastebilen sine. I mange år var draumen hans å vera med Nils Fredrik på langtur.

.

2016-11-02-lossing-trailaren-kjem-til-crepor

.

Etter at nesten heile dagen gjekk bort i meinigslause diskusjonar og venting på tollstasjonen, kunne Nils Fredrik kjøra lastebilen sin inn gjennom den smale porten ved CREPOR. Frode trekkjer vekk greier så dei ikkje striper opp trekkvogn og hengar.

.

2016-11-02-lossing-dorene-opna

.

Forseglinga er broten, dørene opna, og Nils Fredrik inviterer lossegjenge til innsats. Det var kaldt, såvidt nokre grader pluss, og antydning til yr i lufta. Men karane jobba hardt og fekk snart opp varmen. Og regnet held seg unna.

.

2016-11-02-lossing-start-lossing

.

Ein utgammal dieseltruck var god å ha. Han buldra fælt, spydde ut ekkel eksos, men utan denne veteranen hadde me ikkje greidd å lossa. Mykje av utstyret vi hadde med var for tungt å løfta med handemakt.

.

2016-11-02-lossing-seng-ut

.

Bakerst i tralla sto elleve, elektriske sjukehussenger av bra kvalitet. Dei kan gjera god teneste i mange år på den institusjonen dei hamnar. Sengene på moldovske institusjonar er oftast i så elendig forfatning at du må sjå det med eigne auge før du trur at det er sant.

.

2016-11-02-lossing-trillar-madrasser

.

For ein månads tid sidan fekk vi tilbod om å overta 40 senger frå ein brakkerigg på Kolsnes. Dette er varer vi ikkje prioriterer vanlegvis. Men vi hadde då ledig plass i trailaren. Etter å ha  spurt oss føre i Moldova var all tvil sett til sides. Dei var sterkt ønskte. Sengene har fine, gode madrasser, og vert no utplasserte på institusjonar som vi kan samalikna med legevakta heim i Norge.

.

2016-11-02-lossing-truck-palle

.

Ganske kjapt begynte mørket å falla på. Då vi skjønte av lossinga først kom i gang seint på dagen, frykta vi nett dette; å lossa i mørket. Men med den flotte arbeidsgjengen i sving, god organisering med tanke på plassering av gjenstandar og kartongar, vart all frykt til skamme. Her går ein palle med leseTV på trucken.

.

2016-11-02-lossing-lager-cctv

.

LeseTV (CCTV) var kanskje det aller viktigaste vi hadde med. Denne gongen 25 apparat henta inn frå ulike hjelpmidelsentralar heime. Ved hjelp av eit leseTV kan brukaren forstørra opp skrift frå ei bok eller eit ark slik at han eller ho kan lesa på ein skjerm. På Synssenteret får den som treng eit leseTV utlevert apparatet gratis til odel og eige. No har vi leseTV for eit år frametter. Heime jobbar Heine Oen, sjøl synshemma, kontinuerleg med å skaffa fleire apparat frå hjelpemiddelsentralar i Norge. Heine er også med til Moldova, ca ein gong i året, for å klarera og vedlikehalda apparata. Hans kunnskap og kompetanse er uvurderleg for service og oppfølging.

.

2016-11-02-lossing-jobbing-truck-morkt

.

Stadig mørkare, men Nils Fredrik har godt arbeidslys i tralla. Til venstre står sjukepleiar Ludmila og dokumenterer lossinga for Synssenteret. Ho var kveldens plassjef for Senteret, og visste nøyaktig kvar kartongane skulle lagrast. Karane jobba i eitt utan pause.

.

2016-11-02-lossing-frode

.

Frode Brurås deler mange interesser med  Nils Fredrik. Han er spesialist på Scania lastebilar, og jobbar for Scania i Bergen. Ganske snart gjekk det opp for oss at han er like lidenskapleg fan av Liverpool og Brann som Nils Fredrik er. Han insisterte på å ha på Brann-lua når det var snakk om fotografering. Frode var like god lossearbeidar som dei sju moldovarane. Her nærmar han seg fremste vegg i tralla, Lossinga går mot slutten.

.

2016-11-02-lossing-fra-grava

.

Varene som har andre mottarar enn Synssenteret, vart mellomlagra i eit garasjelokale; på begge sidene av ei smørjegrav. Her står dei trygt og tørt til dei vert henta i løpet av dei næraste dagane. Vi må også vera førebudde at tollvesenet kjem hit for å kontrollera at varene held god nok kvalitet og at dei samsvarar med lastelista.

.

2016-11-02-lossing-diagnoseutstyr

.

Stor og tung. Dette augediagnose-utstyret består av stol, benk og fin optikk. Prisen på ein ny er mange hundre tusen kroner.  Igjen er trucken god å ha, og karane passar på at apparatet kjem trygt i hus.

.

2016-11-02-lossing-tom-tralle

.

Siste palle ut. Klokka har passer sju om kvelden. Trailaren er tom. Dei sju sjaurane får kontant oppgjer i handa og skryt for innsatsen. Kanskje har dei aldri før hatt så god timesbetaling. Men det var vel fortent.  Utan deira innsats hadde vi vore hjelpelause.

.

2016-11-02-lossing-heile-trailaren-morkt-2

.

Tid for avreise. Nils Fredrik har fått beskjed om å kjøra tilbake til tollstasjonen for parkering. Truleg må han på vekta med bilen neste dag. Diskusjonen om påstått overvekt var ikkje over. Men Nils Fredrik seier at tollarane har forveksla tal frå vognkorta når dei set opp reknestykket sitt.

.

.

Tekst og bilde:
UtanriksKÅREspondenten på sjauing i Chisinau