Logo

2-årsjubileum for Synssenteret

I dag, 29. april 2011, feirer det nasjonale kompetansesenteret for synshemma 2-årsjubileum. Det var viseministeren i ministeriet for familie- og sosiale saker som høgtideleg opna senteret. Hendinga vekte stor merksemd, og var innslag nummer to på den moldovske dagsrevyen. Leiar for senteret, dr Tatiana Gidhirimshi, fortel at i loggen står det per dato oppført at senteret har behandla 1111 pasientar. I tillegg har Tatiana og hennar medarbeidarar, inkludert Hans Bjørn Bakketeig som er leiar for Hjelp Moldova, teke hand om ei rekkje pasientar lokalt over heile landet.

Hans Bjørn seier i ei ein kommentar at han er stolt over det som er oppnådd i arbeidet for å betra synshemma sine kår i Moldova. Det er Hans Bjørn som for om lag 10 år sia starta arbeidet som resulterte i opprettinga av det nasjonale kompetansesenteret.

– Eg er optimistisk med tanke på innsatsen vår vidare, seier Hans Bjørn.

– Om to veker skal vi ha eit nytt møte med styresmaktene på nasjonalt nivå. Eg vonar å få møta både helseministeren og ministeren for sosial- og familiesaker. I første omgang ber vi om hjelp til å skaffa senteret nye lokale. På litt lengre sikt arbeider vi for at moldovske styresmakter vil engasjera seg meir aktivt i drifta av senteret.

Kåre Ness