Logo

Normalisering i Chisinau
Tid for heimtur

Livet normaliserer seg i Chisinau.  To store hendingar har dominert livet vårt siste dagane: Presidentvalet og Nils Fredrik sin ankomst. Dodon, den russiskvennlige kandidaten, vann første valomgang. Ikkje uventa. Etter fem døgn og 3000 km gjennom sju land erobra Nils Fredrik den moldovske hovudstaden til avtalt tid.

Etter å ha kjempa kvast ein heil dag vann Nils Fredrik kampen med tollbyråkratiet. Som venta. Vår lastebilsjåfør gir seg aldri. Om Dodon har same steierevne, vinn han valet om to veker. Og på Senteret går livet som normalt med utredningar og pasientar. Nesten som normalt. Tatiana Ghidirimshi, sjefen på senteret er på internasjonalt seminar der ho både er forelesar og deltakar. Men ho er så aktiv og i vinden at eigentleg er det heilt normalt, det og!

.

Seminaret er i regi av det moldovske undervisingsdepartementet, KulturKontakt Austria frå Østerrike og tyske Bundesministerium fur Bildung. Tema er “Inkludering av handicappa born i skulen”. Tatiana sitt innlegg handlar naturleg nok om inkludering av synshemma.

.

thumb_dsc_0104_1024

På Synssenteret går livet som normalt. Mange pasientar ventar. Nokre er vanskelegare å hjelpa enn andre, og då er Hans Bjørn ei trygg og god støtte å ha. Her er sjukepleiar Ludmila i sving med ein ung pasient som les bokstavar i ulike storleikar på ei lystavle.

.

thumb_dsc_0112_1024

Lastebilpassasjer Frode Brurås er på senteret for første gang. Her er alt ukjent for han, og han er imponert over det han ser, og må få med seg fotominne heim. Ei mor følgjer sonen sin til undersøking. Tatiana Chistol og Hans Bjørn sjekkar guten. Han har fått briller her for ein del år sidan. No treng han nye. Hans Bjørn lovar å ta med seg til jul.

.

thumb_dsc_0101_1024

Systematikk er viktig. Nøyaktig dokumentasjon og pasientoversikt. I dag vert alt arkivert digitalt. Alle pasientar har med seg ei bok der ulike legebesøk, medisinar og medisinske opplysingar vert ført med hand. Slik det var i gamle Sovjetunionen.

.

thumb_dsc_0123_1024

Det er tid for ei lita byvandring. Puskingata er ei travel gate midt i sentrum og nær Synssenteret. Trolleybussen er eit vanleg framkomstmiddel. Dei siste åra er er dei kvite og blå trolleybussane frå Minsk i Kviterussland meir og meir vanleg syn. Denne bussen reklamerer med fritt WI-FI ombord. Billettpris er 2 lei; altså litt mindre enn 2 kroner. Då dei auka prisen frå 1 til 2 lei for nokre år sia, braut det nesten ut revolusjon.

.

thumb_dsc_0115_1024

For dei som lir av same sjuka som KÅREspondenten, er ein gammal Mercedes S-klasse eit oppmuntrande syn. Ikkje mindre enn to slike møter han på veg mot hovudgata Stefan Cel Mare. Dette var det grommaste som bilindustrien produserte i perioden 1978 til 1991. Kundane var statssjefar, direktørar, rikfolk og mafia. Bilparken i dagens Chisinau får norsk bilpark til å verka smålåten og speglar av den store skilnaden det er på nyrike og vanlege folk i Moldova. Den gamle S-klassen er ein kuriositet her som heime.

.

thumb_dsc_0127_1024

Hjørnet av denne vakre parken ligg i krysningpunktet mellom Puskingata og bulevard Stefan Cel Mare. Dette er ei populær samlingplass for gamle og unge. Her er mange benkar der det går an å setja seg ned og møtast eller fundera over livet.

.

thumb_dsc_0124_1024

I nesten alle sentrumgatene finn du små boder og mobile forretningar. Her kan du kjøpa alt mogeleg frå frukt og grønt til pene strømpar og neglelakk. Om du har behov for å sjekka vekta, kan du stiga opp på ei badevekt for 1 lei (45 øre).

.

thumb_dsc_0139_1024

Midt på boulevard Stefan Cel Mare, hovudgata i Chisinau, står ei gedigen statue av den rumenske og moldovske fridomshelten. Statua står i utkanten av nok ein stor park i hovudstaden. Staden “Chesenau” er dokumentert for første gong i 1436, og er soleis 580 år gammal. Det finst mange forklaringar på namnet, men betydningen «brunn/kjelde» går igjen.

.

thumb_dsc_0152_1024

Stafan Cel Mare: Ei fargerik gate i ein fargerik, men sliten by. Her møtest tradisjon med ultramodernisme. Det gamle fortausbelegget er i ferd med å knusast opp og får ny beleggstein til erstatning.

.

thumb_dsc_0147_1024

Mange gler seg over at Stefan Cel Mare frå ny asfalt. Andre meiner at det er feil prioritering av offentlege midlar, og nyttar høvet til å gje uttrykk for si misnøye mot dei som styrer. Uansett ser det ut for at sentrum i hovudstaden går gjennom ei omfattande opprusting.

.

thumb_dsc_0137_1024

I dag startar heimreisa. UtanriksKÅREspondenten overtek for Frode Brurås som passasjer i lastebilen til Nils Fredrik. Vi veit kvar vi skal. Ingen veit kvar Moldova og moldovarane går…

.

Tekst og bilde:
UtanriksKÅREspondenten på rusletur