Logo

GJE EI JULEGÅVE MED MEINING

Hjelp Moldova vil også i år selgja gåvekort til jul. Pengane som kjem inn, vert uavkorta fordelt på sju vanskeleg stilte familiar i Moldova. Vi gjer ein utfordrande kvardag litt lettare for dei det gjeld. Ein del pengar går til å handla mat for, til dekking av medisinutgifter, kjøp av varme vinterklede, støtte til fyringsutgifter, og stundom støtte til utdanning.

.

Bildet: Pavel Stefirta (til høgre) er ein av dei som får hjelp av julegåvepengane. Den multihandicappa 28-åringen er heilt avhengig av broren.

Under finn du informasjon om korleis du skaffar deg gåvekort, og og om familiane som du hjelper.

.

2016-10-30-fam-gherta-basarabiesca

Damian (til venstre) er sterkt synshemma og må opererast. Far er heilt blind og mor nesten blind. Veslesøster (4) er er den einaste med normalt syn. Familien får hjelp også denne jula. Les meir i vedlegget under.

.

Du kan kjøpa så mange gåvekort du vil, for ein sum du sjøl bestemmer.

Dersom du ønskjer det kan du skrive ut gåvekortet sjølv, sjå under,
eller bestille det på glansa papir hjå Irmelin.

Når du har fått korta tilsendt, eller printa dei ut,
skriv du sjøl på namn og eventuelt summen du har betalt for kortet.

Gåvekort bestiller du via e-post til:  irmelin1972@yahoo.no 

eller du kan senda brev med bestilling  til:
Irmelin Bjerring Hansen, 
Lilletveitåsen 33, 5228 Nesttun.

eller på telefon til Irmelin: 977 95 388

eller du skriv dei ut sjøl, følg lenke under.

Hugs å opplysa om  adressa di slik at vi kan sende deg gåvekorta.

Kjøpesummen set du inn på konto: 3626 07 23590
(Kasserar i Hjelp Moldova: Astrid Daae, Sandneslia 4, 5981 Masfjordnes). Merk pengane: “Julegåve”.
Ta gjerne kontakt om du lurer på noko.

.

Klikk på den grøne lenka under, og du får fram gåvekort som du kan printa ut sjøl.

Moldova-Gåvekort-2016

.

Sjå vedlegget under, med raud skrift, for meir informasjon om mottakarane:

2016-Julegåveprosjektet