UtanriksKÅREspondenten er med som nordgåande sidemann. Han kjenner hjartefrekvensen stig. Ei spennande reise er på gang.
Reiseruta
Chisinau, Moldova - Iasi/Cluj, Romania - Budapest, Ungarn Wien/Klagenfurt, Austerrike Venezia/Verona, Italia Brennerpasset/Innsbruck, Austerrike - Munchen/Berlin Rostock, Tyskland - Trelleborg Gøteborg/Svinesund, Sverige Oslo/Hardangervidda og til Bergen.
.Forhistorie:
Den 31. oktober 2016 kjem Nils Fredrik til Chisinau med fullasta bil. Det er hans 41. tur til den moldovske republikken Lasterommet er fylt med optisk utstyr, senger og møblar. Det meste brukt, men i god stand og kjem vel med for dei mange som får. Frode Brurås frå Åsane, Scania-ekspert og Brann-entusiast, som Nils Fredrik, er med som sørgåande sidemann. Han er mildt sagt begeistra.
Lossing
Etter å ha krangla med tollvesenet tre-kvart dag, vert trailaren lossa kjapt og effektivt. Flott arbeidsgjeng. Fin stemning!
Nils Fredrik slår fast at slik er det! Tollvesenet tullar og forvekslar tal og oppgåver som går på bruttovekt og nettovekt og vekt på trekkvogn og tralle! Nesten ein heil dag går bort i tull med tal.
Tysdag 1. november: Mørket fell på før varene er fordelte eller på lager. Frode (til venstre) er på sin første Moldova-tur. Han glir fint inn. Imponert over det han ser og opplever. Imponert over moldovarane han møter.
Besøk hjå julegåvefamilie Stefirta
Torsdag 3. november: Sørgåande sidemann Frode, lastebilsjåfør Nils Fredrik, nordgåande sidemann Kåre, og Hjelp Moldova-sjef Hans Bjørn er på heimebesøk til julegåvefamile Stefirta. Multihandicappa Pavel i rullestol er på luftetur saman med storebror og pappa. (Foto: Tatiana Ghidirimshi)
.
Senteret
Ei mor med sonen sin. Hans Bjørn og lege Tatiana Chistol sjekkar synet til guten. Frode sikrar eit minne. Senteret er nytt og moderne. Utstyret er førsteklasses. Det er også dei som jobbar der.
.
Kvar går Moldova?
Moldova har lenge vore prega av politisk turbulens. Tilsynelatande er moldovarane rolege, men det ulmar under overflata. Moldova er ingen koloss, men republikken kan synast å stå på leirføter.
.Putin-vennlege Igor Dodon har nett vunne presidentvalet. Fleirtalet i parlamentet er Europa-vennlege. Her er rom for spenningar.
Kontrastfyld land. Men livet må uansett gå vidare. Rikfolket handlar luksusvarer inne i dei store kjøpesentra. Vanlege folk kjempar for å overleva ute på gata.
.
"Keep calm and love Moldova". Men over ein million av landets ca fire millionar har reist sin veg. For å rista av seg åket og finna lukka i andre land.
.
Farvel Moldova
Alltid leitt å ta farvel med gode vener. Denne gongen med vår gode venn gjennom mange år, Valentin, Hans Bjørn og Frode, sjefen vår i Moldova dr Tatiana Ghidrimshi og sjukepleiar Ludmila. .
Landevei Gamle venn
Har det i blodet. I snart 50 år har Nils Fredrik kjørt stor bil på europeiske vegar. 41 gonger har han kjørt den lange turen Norge - Moldova - fram og tilbake. .
Drum bun - God tur!
Disiplin og orden
Han fører bilen utan kart, og nyttar sjeldan GPS. Han trur på god planlegging, god orden og gode system.
. Han set strenge krav om du er så heldig at du får vera sidemann. Ingen utesko inne. Dine saker der, og mine saker her. Sidemann i overkøy, sjefen nede. Må du ut om natta og ned, så set du foten der, og så stig du slik! Nordgåande sidemann investerte for sikkerheits skuld i nye kloggar. .
Grenseland
Grenseland mot Romania. Gjetarar og dyreflokkar.
Grensestasjon og kontroll. Nils Fredrik tek aldri eit nei for eit nei. Han gir seg aldri på tap. I møte med “vanskelege” grensevakter, tollarar eller politi er det dei som må vika!
Romania
Snødekte fjell i Karpatane.
Romania - så moderne, men langs landevegane her kan du finna att di eiga barnsdoms tid.
Hest og vogn er livsviktig på rumensk landsbygd.
Størst i verda? Det finst rundkjøringar både i Norheimsund og Øystese, men ingen som denne.
Vatra Dornei: Første overnatting i Hotel Scania. Morgonis på pøysene.
Grense Ungarn
Lange lastebilkøer mellom Romania og Ungarn. Eine landet er med i Schengen, det andre ikkje. Byråkrati og formalitetar. Berre ikkje for Nils Fredrik. Han kjører forbi alle. Alle er like forbausa. Mange tutar og hyttar neve. Men Nils Fredrik erklærer at han er ute på humanitært oppdrag. Basta! Politimannen skjønar han har funne sin overmann.
Før meg dit Jeg har mitt hjem
Budapest
Budapest - byen over alle byar, seier Nils Fredrik. Spennande og vakker og full av opplevingar. To novemberdagar i beredskap. Ventar på ordre for returlast.
Sterke minne
Kobe-kjøt: Japansk luxus-biff på argentinsk restaurant i Ungarns hovudstad. Nattleg magesjau for lastebilsjåfør og sidemann... Antiklimax.
Dei som kan rekna om frå forintar til kroner, finn fort fram til at dette kan du ikkje ha på tallerkenen kvar dag.
Fotballklimax neste kveld: Brun kneipe. Lastebilsjåføren vekkjer oppsikt blant klientellet. Liverpool vinn. Heldigvis.
Salatlast i opera-byen
Ventetida er over. Ferda går mot Verona, Italia. Mission: Italiensk salat.
Austerrike bak oss i dag. Kjapp gjennomreise i går. Wienersnitzel kl 18.30 litt før Klagenfurt. Temp rett over null. Møter saltebilar over alt i alle land. Marsjfart nær 90, men lastebilsjåføren sjøl er i 100! Nordgåande sidemann har lært han trikset med internett-radio. No kjører han P1+ gjennom nyerverva Iphone 7 via blåtann og stereo-lyd i Scania-hytta på italienske motorvegar! Ei lukke i livet.
Så langt første kjøredag etter Budapest: Undine. Overnatting i Hotell Scania. Nestenfrost og solfylte alpefjell. Lange morgonskuggar, skarp luft og krutsterk kaffi. Slik er morgonen 8. november i Nord-Italia, nær grensa til Slovenia.
Sidemannen gleder seg stort over visitten i eksotiske Italia. Lastebilsjåføren likeså. Fine vegar. Snart viser skilta at ferda går mot Venezia. Kanalar og gondolar i sikte! Uheldigvis svingar lastebilsjåføren til høgre rett før me ser dei. Nye skilt viser Torino og Verona.
Oppdrag: Lasta salat og anna helsekost i opera-byen Verona! Stuar bilen full, og set full fart for å forsera Brenner, trange fjellpass og kvasse alpetindar.
Nord-Italia. Det var her me skulle slått oss til ro, ikkje berre reist til, og så i frå. Vinrankar overalt: På vide vidder, og i grøderike terasseformasjonar som fundament for fagre fjell. Og inni mellom der dyrkar dei alt det me treng av frukt og grønt i mørktida heime.
Dristige vegar i dramatisk landskap. Brennerpasset neste.
Passering grense Italia - Austerrike i dunkelt haustmørke.
Nordgåande morgon i Austerrike. Utan mat og drikke duger verken lastebil eller sjåfør.
Immer weiter!
Breie motorvegar forbi Munchen og Berlin.
Sjøvegen Rostock - Trelleborg.
Svensk kveld: Korv och brød på CircleK og Lastbilar-blad med Scaniaveteran. Sterke kjensler i sving.
Svinesund, toll utan tull retning Oslo.
Ved Krøderen: Lossing i ei polsk maurtuve
Maling frå Lier til Nesttun erstattar salaten på siste etappe over Hardangervidda. Multitasker Nils Fredrik er både lastebilsjåfør, byråkrat og kontrollør
Ut av byen Over engen
Bergen neste:
Over vidda i mørke og på nesten-svart asfalt. Mission Completed!
Landevei Gamle venn
Før meg dit Jeg har mitt hjem
Ut av byen Over engen
Takk for turen, Lastebilsjåfør, og gratulerer med dagen!
Tekst og bilde: Kåre Ness/UtanriksKÅREspondent, bussjåfør og nordgåande sidemannPS: Kjære Lastebilsjåfør Håper du tilgodeser nordgåande sidemann med nok ein tur når du har overteke din nye lastebil; siste modell Scania - når det lir litt på...