Leiarskifte i Hjelp Moldova
Posted by Kaare on 24 Apr 2017 in 2017, Nytt
Kåre Ness er vald til ny leiar for Hjelp Moldova. Hans Bjørn Bakketeig held fram som leiar for arbeidet i Moldova og nestleiar i organisasjonen.
-Me har tru på at dette vil vera ei tenleg ordning og gi ei god arbeidsfordeling som i sum kjem det viktige arbeidet i Moldova til gode, seier dei to leiarane.
.
Bildet: Selfie utanfor Utanriksdepartementet i Oslo; Kåre Ness (til venstre) og Hans Bjørn Bakketeig.
.
Styret i Hjelp Moldova er no slik:
Leiar: Kåre Ness
Nestleiar: Hans Bjørn Bakketeig - leiar for aktivitetane i Moldova
Kasserar: Erik Bjerring Hansen (ny)
Styremedlem: Jarle Ådlandsvik
Styremedlem: Tonje Stølsnes Faanes
Varamedlem: Nils Fredrik Nilsen
Varamedlem: Heine Oen (ny)
Varemedlemmene får innkalling og møter på linje med styremedlemmene.
.
Årsmøtet vart halde 5. april 2017 med 12 frammøtte. Frå venstre: Jon O Vevle (tidlegare leiar for Hjelp Moldova), Arne Kåstad (leiar etter Jon O) Oddmund Skår (mangeårig medlem og støttespelar), Skjoldvor Haukås (tidlegare styrmedlem) Tonje Stølsnes Faanes (styremedlem), Jarle Ådlandsvik (styremedlem), Heine Oen (varamedlem), Kåre Ness (ny leiar), Framme: Åse Hundvin (avtroppande nestleiar) Hans Bjørn Bakketeig (leiar for arbeidet i Moldova/nestleiar) og Astrid Daae (avtroppande kasserar). Nils Fredrik Nilsen var ikkje til stades.
Foto: Vidar Fløysand (møtedeltakar, mangeårig medlem og støttespelar):


Avtroppande leiar Hans Bjørn Bakketeig overrekte blomster og takk til Astrid Daae og Åse Hundvin som slutta i styret etter mange år.
Foto: Kåre Ness
.