Logo

Jul i mai
Om hjelp til sjølhjelp

Fjorårets julegåveaksjon resulterte i 30.000 kroner frå våre gode støttespelarar. I går brukte vi ut litt av pengane. Først møtte vi vesle Damian (9) og mora Claudia frå Basarabeasca. Damian er ny-operert for glaucom på begge augo. Vi feira på McDonald! Deretter besøkte vi multihandicappa Pavel Stefirta (27) og broren Andrej i Chisinau. Pavel frydar seg over besøket. Hans Bjørn er helten til Pavel. Bildet: Damian med lapp på auga og mamma Claudia.    

Hans Bjørn Bakketeig fortel:

-  Etter operasjonen har synsstyrken til Damian  auka med mange prosent. Han skal til kontroll hos oss på Senteret i mai. Han reiste heim frå sjukehuset i går. Vi tok familien med på McDonalds, og det gjorde stor lykke! Familien fekk 3000 lei (ca 1400 kroner) frå julegåvepengane. Det er god hjelp til medisin, reise- og opphaldsutgifter i samband med operasjonen, og kanskje rekk til å kjøpa litt nye klede for Damian og søstera hans. Etter møtet med Damian besøkte vi familien Stefirta.

2017 04 30 Julegåvefam HBB+Damian+Mmma God tur heim til mamma Claudia og Damian frå Hans Bjørn Bakketeig. Men først kos på restaurant! 2017 04 30 Julegåvefam Damian + mamma

2017 04 30 Julegåvefam HBB+Pavel

For Pavel er det alltid stor stas når vi kjem. Han kan ikkje snakka, men kroppsspråket seier alt.

  Litt meir om dei to familiane
Damian (9) er vår pasient gjennom mange år. Han er ein kjekk, flink og høfleg gut. Han har sterkt redusert syn, og synet vert gradvis svakare. Linsene i augene hans var i ferd med å mista feste. No er han altså nyoperert og har fått sett inn nye linser. Vår gode samarbeidspartnar gjennom mange år, lege og kirurg Jan Askvik ved Bergen Øyelegesenter, skaffa til veie og finansierte nye linser og utgiftene til operasjon. (Dei siste 15 åra har Jan Askvik, gratis og på si fritid, brukt ei veke av ferien sin til undervising og arbeid ved moldovske sjukehus og institusjonar). Far til Damian er heilt blind. og mor har ca 2% syn. Veslesøster (4) er er den einaste med normalt syn. Ho ser for heile familien. 2017 05 01 Damian og fam

Familien viser fram ny-renovert leiligheit. (Foto: Kåre Ness)

Familien bur i ei blokkleilighet som etter norsk standard er eit salderingsprosjekt. Husveret var trekkfullt og fuktig og svart i taket. Hausten 2016 greidde familien, ved hjelp av pengar frå Julegåveprosjektet og anna støtte, å få renovert leiligheita. No er her nye vindauge og dører og veggane er nymalte i lyse fargar. Det er reint og pent og ordentleg over alt. Skoene står på rekke, og tøyet ligg i pene stablar med teljekant. Kjøkkenet er ryddig, og den mugne lukta er heilt borte. Livet til den vesle familien er snudd opp ned i positiv meining. Dei kan ikkje få takka nok.   -------------------------------------------

Pavel (27) treng hjelp til alt. Absolutt alt. Mor Maria brukte all si tid på sonen sin frå han var fødd til ho døydde for snart to år sidan. Det vart katastrofe for Pavel. Men så, heilt uventa for oss, overtok storebror Andrej (34) ansvaret. Det er ei modig avgjerd med store konsekvensar.

2017 04 30 Julegåvefam Pavel+Andej Livet vart snudd opp ned for Andrej. Pavel manglar språk. Han treng hjelp til mating, vask, bleieskift , klede på og av, og når han skal flyttast.

Dei siste ti åra har Hjelp Moldova støtta familien. Den beskjedne pensjonen dei får, dekkjer på langt nær utgifter til mat, medisin, straum, gass, husleige, bleier med mykje meir. Pavel har fått ny seng og madrass innkjøpt for julegåvepengar. Maria fekk vaskemaskin. Pavel elskar musikk. CD-spelaren, også kjøpt for julegåvepengar, går dag og natt. Julegåvepengar har svært stor betydning for den vesle familien. 2017 04 24 Nils Fr Besøk Stefirta

Kvar dag går Andrej på tur med Pavel. Då vi besøkte familien i november i fjor, var også far deira (til høgre) med.  Med i følgjet   Frode Brurås, Nils Fredrik Nilsen, Kåre Ness og Hans Bjørn Bakketeig.

 

På vegne av dei som nyt godt av gåvene: Hjarteleg takk til alle som støttar!

  Tekst: Hans Bjørn Bakketeig/Åse Hundvin/Kåre Ness Foto: Tatiana Ghidirimshi