Logo

Masterstudier i Moldova

Cathrine Saastad og Tom Rune Storhaug er masterstudentar ved Høgskolen i Sørøst-Norge (HSN), institutt for optometri på Kongsberg. Sist veke utførte dei feltarbeid i Rezina-fengselet for livstidsdømde, og ved ein moldovske ungdomsskule. Det var Hans Bjørn Bakketeig som spelte inn oppgåvetema, og slik sette i gang det heile.

Bildet: Studentane Tom Rune og Cathrine saman med professor Jan Richard Bruenech presenterer info-avisa Medicus ved det medisinske universitetet i Chisinau. I avisa står omtalt oppstart av eit heilt nytt studium i optotmetrifaget – initiert av Hjelp Moldova og HSN. (Foto: Kåre Ness)

.

Det er ein styrke for organisasjonen og arbeidet  i Moldova at studentar på høgt akademisk nivå kan spesialisera seg innan faget sitt gjennom våre aktivitetar i Moldova.
——————–

Jan Richard Bruenech, professor i okulær anatomi ved HSN, var saman med studentane i Moldova. Han  oppsummerer opphaldet slik: -Takk for ei særdeles hyggeleg og innhaldsrik veke. Hans Bjørn sytte for at vi alle sit igjen med verdifulle inntrykk. Masterstudentane er svært nøgde og presiserer at heile opplegget gjekk over all forventning. Eg synest Cathrine og Tom Rune er både modige og tøffe i sitt studieval!

Studentane og Bruenech jobba i team med Hans Bjørn og personalet ved Synssenteret heile veka. Dette var ein vinn – vinn situasjon der studentane fekk gjort sitt feltarbeide som ein del av drifta ved senteret. 100 elevar ved ungdomsskulen i Molovata, og 40 fangar i Rezina-fengselet vart synssjekka.

Tom Rune er heiltidsstudent, og er ferdig master våren 2018. Hans oppgåve dreier seg om å samanlikna “ukorrigert nærsynthet blant ungdom i Moldova og Norge”. Alle var litt overrraska ovar at ungdommane ved skulen i Molovata, nord-aust for Chisinau, hadde så godt syn som dei hadde. Dei var mindre nærsynte enn kva optikarane trudde på førehand. Ei forklaring kan vera at dei moldovske ungdommane bruker mindre tid på TV, data og telefon enn norske. Dei er rett og slett meir opptekne med uteaktivitetar enn norsk ungdom på same alder, og det er positivt for synet!

2017 05 28 Tom Rune i sjekkar syn

Rune i aksjon ved skulen i Molovata. I bakgrunnen Cathrine.  (Foto: Jan Richard Bruenech)

Cathrine arbeider full tid som optikar og tek masterstudiet ved sida av jobben.  Ho gjer sine studier på livstidsdømde fangar i fengselet Rezina. I alt 40 fangar vart undersøkte. Hjelp Moldova har siste året jobba i Rezina, og no er samtlege av dei 110 livstidsdømde synssjekka. Helsevesenet i moldovske fengsel er på eit heilt anna nivå enn tilsvarande i Norge. Cathrine si oppgåve konsenterer seg om å undersøkja syn og samsyn hos pasienten og helseoppfølging.

Studentane var spente på møtet med fengeslet og fangane som er dømde for dei verste brotsverk. Dei møtte pasientar som var takknemleg for at dei fekk hjelp, og glade over å få besøk utanfrå. Det heile gjekk pent og pynteleg for seg bak gitter, låste dører og under sterkt vakthald.

2017 05 28 Chatrine sjekkar syn Molovata

Cathrine var med Rune på skulen på same måte som Rune var med henne i fengselet. (Foto: Jan Richard Bruenech)

 

thumb_dsc_8401_1024

Frå ei tidlegare undersøking i Rezina-fengselet. Hans Bjørn undersøker ein av fangane saman med lege Tatiana Chistol. (Foto: Kåre Ness)

Høgskolen Sørøst-Norge har planar og finansiering klar for oppstart av eit nytt, fullverdig universitetsstudium i optometri ved det medisinske universitetet i Chisinau. Framleis er det eit håp om at utdanninga kjem i gang til hausten, men moldovske styresmakter har enno ikkje gitt si formelle godkjenning. Professor Jan Richard Bruenech fortel at rektor og universitetsleiinga svært gjerne ønskjer å koma i gang. Dei seier seg svært leie for at endeleg avgjerd let venta på seg. Det er norske SIU som har løyvt midlar til oppstarten. Om ikkje undervisinga kjem i gang til hausten står ein i fare for å mista midlane. Hans Bjørn Bakketeig seier at dette studiet vil vera svært viktig også for Hjelp Moldova og Synssenteret som vil kunna få status som universitetsklinikk og gje praksisplassar for studentane.

2017 05 38 Dick+Cathrine+Tom 1
Jan Richard, Cathrine og Tom Rune studerer avisa som informerer om nytt optometristudium i Moldova. HSN har utarbeidd fagplanar og gjort forarbeidet for studiet, og vil vera ein viktig samarbeidspartnar både i oppstartsfasen og seinare. (Foto: Kåre Ness).

Tekst: Kåre Ness/Chisinau