Logo

Soroptimistar i Bergen
skaper optimisme i Moldova

Nyleg møttest ei gruppe synshemma ungdommar frå heile Moldova for å utveksla erfaringar. Møtestad var Hjelp Moldova sitt Synssenter i hovudstaden Chisinau.  Tema var korleis ein kan skapa eit godt og inkluderande sosialt miljø for alle, uansett funksjonshemming. Treffet var eitt i ei rekke som har kome i stand takk vere støtte frå Bergen Syd Soroptimistklubb. . Møtelokalet var i Hjelp Moldova sitt Synssenter i hovudstaden saman med personalet på senteret. Ikkje tilfeldig, for samtlege deltakarar har vore, eller er, pasientar her. Det har vore avgjerande viktig for at dei i dag er i utdanning og/eller har fullført ei utdanning og fått seg arbeid. 2017 04 07 Seminar Senteret 1

Deltakarane på forrige samling. Åtte ungdommar frå alle kantar av Moldova var med på dagtreffet saman med personalet på synssenteret; Legane Tatiana Chistol og Tatiana Ghidirimshi i kvite frakkar. Sjukepleiar Ludmila Zolotco er fotograf. Evelina (i midten framme) har fungert som leiarar  i gruppa. Fem inviterte kunne ikkje koma, men vil  få invitasjon til neste treff.  (Foto: Ludmila Zolotco)

Tiltaket med støtte frå Soroptimistane i Bergen har hatt svært positiv innverknad på dagleglivet til ungdommane. Mange følte seg aleine med funksjonshemminga si. Gjennom samværet har dei fått ny gnist, og opplevt kjensla av at felleskap og samhald gjer sterk. 2017 04 07 Seminar Senteret 2

Øvelse i å tora å stå fram og fortelja om seg sjøl. (Foto: Ludmila Zolotco)

Her har dei  kunna dela erfaringar og diskutera ulike aspekt ved det å vera synshemma i det moldovske samfunnet: Korleis overvinna daglegdagse hindringar av såvel psykisk som fysisk art, korleis engasjera seg, korleis overvinna hindringar, korleis sjå muligheiter. 2017 04 07 Seminar Senteret 3

Tatiana (nr 3 frå venstre) har fullført utdanning som psykolog og er ein viktig ressursperson i gruppa, ikkje minst når det gjeld metodar for våga å stå fram og fortelja om seg sjøl og livet sitt, og dela erfaringar med andre. (Foto: Ludmila Zolotco)

Leiar ved Synssenteret, Tatiana Ghidirimshi, fortel at første møte med ungdommane som pasientar ofte var prega av vonløyse og negative tankar. Etter kvart som dei fekk hjelp har dette endra seg. Det at dei no har etablert fellesskap i gruppa har gitt dei ny energi.

"Saman skaper vi eit inkluderande sosialt miljø som ivaretek alle." (Motto for treffet)

  Midlane frå Soroptistforeninga iBergen har vore nytta til ei rekkje andre føremål som fremjar samhandling og integrering. Den 27. desember arrangerte Synssenteret i samarbeid med FN, kontoret for menneskerettar, stor juletilstelning. Her  deltok over 40 born og unge, alle med synshemming, pluss foreldre og familie.  Soroptimistmidlar gjorde det mogeleg for mange av deltakarare å få vera med.  (Synssenteret og Hjelp Moldova mottok i fjor haust ei høg utmerking for arbeid til fremje for menneskerettane i Moldova). 2016 12 27 Juleselskap

Mykje kultur på juletrefesten; dikt, musikk, song, leik, gåver mat og fellesskap for alle pengane. Nokre av deltakarane hadde aldri før vore med på ei slik tilstelning. Ei STOR hending og eit godt minne for livet!

I oktober 2016 var det tid for å markera "Verdens synsdag". Dette er eit årleg arrangement. Synssenteret/Hjelp Moldova er ein aktiv bidragsytar og initativtakar. Men det er ikkje like lett for svaksynte utanfor hovudstaden å nå hit og delta. Igjen kom midlane frå Soroptimistane til hjelp med tanke på å invitera synshemma, og for å få avvikla arrangementet som talde heile 80 deltakarar. Andre sponsorar var FN/kontoret for menneskerettar, og Internasjonal forening til hindring av blindheit/kampanjen "Sterkare saman". 2016 10 Verdens Synsdag

Målet med arrangementet var å setja fokus på sosial inkludering av synshemma i lys av å fremja menneskerettane.

2017 05 31 Personalet Senteret

Personalet ved Synssenteret: Ein fantastisk flott gjeng som tenkjer heile mennesket, særleg med tanke på sosial inkludering. Dei takkar alle støttespelarar i Norge, og ikkje minst Soroptimistane i Bergen. Frå venstre: Tatiana C (lege) Tatiana G (lege og sjef på Senteret) Irina (turnuskandidat) og Ludmila (Sjukepleiar). Foto: Kåre Ness)

“Just because a person lacks the use of his eyes doesn't mean the person lacks vision”. Stevie Wonder

.

Kåre Ness/Low Vision Centre, Chisinau