Logo

“Grasrotmidlar” – Tipp og støtt
Hjelp Moldova

Hjelp Moldova er no registrert i Frivillegregisteret i Brønnøysund, og med rett til deltaking i ordninga med såkalla "grasrotdel" av tippemidlane. Grasrotdelen er ei ordning som inneber at alle som spelar på eit av Norsk Tipping sine spel, kan velje at inntil fem prosent av spelarinnsatsen deira skal gå til ein bestemt frivillig organisasjon. Les meir under om korleis du gjer Hjelp Moldova til din grasrotdel-mottakar: Bildet: Den første kupongen som gav "grasrotpengar" til Hjelp Moldova. . Du kan gå inn på Norsk Tipping sine sider og ordna det heile enkelt på nettet, følg lenka under: .
Norsk Tipping Grasrotandelen
. Skjermbilde

Du kan også be kommisjonæren din ordna opp ved å seia at du ønskjer å støtta Hjelp Moldova (Organisasjonsnummer 986 205 470) med grasrotmidlar når du tippar.

. Kupong . Første kupongen gav ingen gevinst for tipparen, men 3 kroner til Hjelp Moldova (fem prosent av 60 kr). . Tekst,  foto og tipping: Kåre Ness