

Med blikk for verda: Signe og Jan fotografert i "Door of No Return" på slaveøya utanfor Dakar. (Foto: Privat)
I ei tid der kassen til Hjelp Moldova er botnskrapt, kjem pengane særdeles vel med for å halda drifta ved Synssenteret i gang. Når økonomien stabiliserer seg på nyåret, då vi får inn friske midlar frå samarbeidsskulane og Utanriksdepartementet, vil vi styra bursdagspengane inn mot det Jan Askvik ønskjer mest: Innkjøp av antibiotika og nye kirurgiske instrument til augeavdelinga ved universitetssjukehuset Municipal. Jan har brukt mykje av tida si Moldova nettopp ved denne instisjonen. Siste året er det Jan som ved private midlar har forsynt augeavdelinga med antibiotika, og han veit at instrumenta deira er slitne og treng skiftast.
Jan Askvik opererer ein pasient med grå stær på Municipal (Foto: Kåre Ness)
Jan utfordrar gjerne andre som feirer runde dagar å gjera som Signe og han då dei feirte 60: Be gjestane om å donera pengar til Hjelp Moldova i staden for å kjøpa gåver. Hjarteleg takk til Signe, Jan og generøse gjestar! Kåre Ness/leiar Hjelp Moldova på vegne av oss alle