Logo

Stor markering av “Verdens synsdag” i Moldova

Kvart år på den andre torsdagen i oktober vert “Verdens Synsdag” markert for å setja fokus på syn og augehelse verda over. I Moldova var Synsenteret med Tatiana Ghidirimshi og Hans Bjørn Bakketeig i spissen mellom initativtakarane for ei stor nasjonal markering.

 

Bildet: Evelina Cretu er ein fleire entusiastiske svaksynte ungdommar som aktivt bidrog på arrangementet.

I år fall synsdagen på den 12. oktober.

Det internasjonale temaet for dagen i år  var «Make Vision Count». Det handlar om å få tal og fakta på bordet, for å setja fokus på syn, augehelse og unødvendig blindheit. 80 prosent av all blindheit i verda kunne vore unngått.

IMG_1368

ZIUA MONDIAALA VEDERII 2017 – Verdas Synsdag 2017. På bildet er representantane frå Synssenteret samla med eit utval av deltkarane som kom frå heile landet. Dei fleste er enten våre samarbeidspartnarar og/eller pasientar.

Tradisjonelt har dei synshemma vore som ein pariakaste i Moldova. Synssenteret og Hjelp Moldova skal ha stor ære for at dei synshemma sine problem no vert sett på kartet i den fattige republikken mellom aust og vest i Europa.

IMG_1371

Xenia Siminciuc representerte FN sin høgkommisær til Moldova. Ho er svaksynt og sjølv brukar ved senteret. – Det er ikkje dei med handicap det er noko gale med, det er omgjevnadane, seier ho. – Når tilhøva vert lagt til rette, kan alle fungera; i skule, arbeid og fritid.

Tidlegare år har Synssenteret/Hjelp Moldova stått relativt åleine som arrangementansvarlig på synsdagen. I år var oppslutningen svært god med representantar frå høg og låg: Her var foreldre med synshemma born frå barnehagar og skular saman med lærarane deira. Her var synshemma elevar og studentar som aldri hadde fått studieplass utan hjelpa frå Synssenteret. Her var universitetsprofessorer og direktørar, sjukehussjefar og representantar frå FN. Særleg gledeleg var det at visestatsminister Buga, rådgjevar for statsministeren og tidlegare helseminister, deltok på arrangementet og støtta tiltaket.

IMG_1364

Visestatsminister Buga talar. Hans Bjørn Bakketeig til venstre for Buga saman med representantane for FN.

 

IMG_1365

Allsidig program: Her frå ein av presentasjonane med etterfølgjande diskusjon og ordskifte.

IMG_1367

Mange ungdommar under utdanning tok del i arrangementet. Utan hjelp og oppfølging frå Synssenteret hadde framtida deira sett heilt annleis ut.

Oppsummert var dagen ein stor suksess. Det gledelege er at folk frå alle samfunnslag saman med styresmaktene er i ferd med å vera aktiv medspelar.

Men sidan Moldova enno ikkje er klar for å overta og driva augehelsetenesta vi har bygd opp,  må Hjelp Moldova framleis appellera til norske styresmakter, samt private gjevarar,  om å halda fram den økonomiske støtta.

Utanriksdepartementet har lova midlar for året 2018 på vilkår av at vi lagar ein “exit-strategi”, men det er lite tenleg å avslutta prosjektet då.

For å uttrykke dette i klartekst:

Vi føler at vi står med lua i handa – og det for å fullføra eit nasjonalt helseprosjekt i den moldovske republikken.

Pengekassen er nesten heilt tom. Vi har ikkje midlar til å lønna Hans Bjørn og dei fire tilsette på Synssenteret i november og desember 2017.  Ein ganske absurd situasjon…

 

Tekst: Kåre Ness

Foto: Det medisinske universitetet, “Nicolae Testemitanu”, Chisinau