Logo

Tatiana i Bergen –
Bergteken av by og folk

I nesten to veker var Tatiana Ghidirimshi gjest i Bergen, først invitert av Bergen Internasjonale Film Festival (BIFF) og seinare som “hospitant” hjå augekirurg Jan Askvik ved Bergen Øyelegesenter.

-Eg følte at eg fekk oppfylt min store draum, seier doktor Tatiana som til dagleg er leiar for Hjelp Moldova sitt synssenter i Moldova.

.

Tatiana var invitert av BIFF og Flimmerfilm i samband med verdspremieren på dokumentarfilmen “Mirakelet i Moldova”. Filmen skildrar arbeidet ho og Hans Bjørn Bakketeig har utført med og for synshemma i Moldova.

-Å verta invitert og få delta på festivalen var for meg ei heilt uventa hending. Eg er svært imponert over arrangementet, menneska bak og alle dei eg møtte undervegs.

Særleg trekkjer Tatiana fram elevane som var til stades på skuleframsyningane:
-Det var til stor inspirasjon og glede for meg å samtala med dei, og lytta til dei mange gode synspunkt og spørsmål dei hadde.

2017 10 23 Vinnarane Flimmerfilm

Diplom og heider for filmen. Her er Tatiana saman med filmfotograf Arne Haldorsen (til venstre), regissør Stian Indrevoll og den moldovske fotografen Ion. “Mirakelet i Moldova”  er også teken ut til å delta på den internasjonale dokumentarfilmfestivalen (IDFA) i Amsterdam neste månad. IDEA er verdens største og viktigaste dokumentarfilmfestival. (Foto: Privat)

2017 10 23 HBB + TG Kino

Tatiana og Hans Bjørn klare for premieren! (Foto: Kåre Ness)

2017 10 23 Gruppe etter filmen BIFF

Etter framsyning; møte med gode vener: Stian Indrevoll, Kåre Ness, Evelynn Vevle Lone, Jon O Vevle,
Tatiana, Evelyn Haukås og Brian Johnsen. (Foto: Privat)

2017 10 23 Tatiana Bryggen

Tatiana på Bryggen: -Eg elskar Bergen, til og med regnet i Bergen er godt! (Foto: Privat)

Etter festivalen var Tatiana invitert av Jan Askvik som “hospitant” på Bergen Øyelegeklinikk. Jan har i mange år brukt ei veke av ferien sin i Moldova der han underviser moldovske kollegar i praksis og teori. Det var Jan som for omlag 10 år sidan introduserte moderne augekirurgi i landet.

-Dette har eg verkeleg drøymt om i alle år. Det var berre fantastisk lærerikt å observera Jan og kollegaene hans i arbeid, læra utstyret å kjenna, og sjå korleis dei organiserer sitt senter. Eg lærte mykje om diagnostisering og behandling av pasientar. Eg har fått mange gode idéar  og tankar som eg tek med meg heim til vårt senter i Moldova.

2014 12 03 Jan og Tatiana

Jan Askvik inviterte til spennande og lærerike dager på Bergen øyelegesenter. (Foto: Kåre Ness)

2014 12 03 Klar til operasjon

Jan Askvik gjer klar for operasjon av grå stær under eitt av sine mange opphald i Moldova. (Foto: Kåre Ness)

 

2017 10 23 Siri og jentene hennar + TG

 Gjensyn med Siri Fjørtoft i Grøsvik. Siri i midten saman med dei tre døtrene sine;
(frå venstre) Johanne, Pernille og Alette. (Foto: Kåre Ness)

Om opphaldet elles har Tatiana berre godt å seia. Ho møtte mange av sine norske vener, både under festivalen, på fritid i byen og på reise i distriktet. Søndag 1. oktober gjekk turen med bil via Modalen og Eksingedalen til Grøsvik på Osterøy. Siri Fjørtoft var vertskap saman med mannen Otto Grøsvik og døtrene Johanne, Pernille og Alette. Siri var ein nær samarbeidspartnar i Moldova i den tida ho jobba for NORLAM i den moldovske hovudstaden.

-Det var vidunderleg å vera her, eventyrleg, så mange fantastiske menneske, den fine naturen og all den gode maten! Eg håper å koma tilbake.  Tusen takk til alle gode vener og hjelparar i Norge, avsluttar Tatiana.


Tekst: Kåre Ness