Logo

BIFF: Elevar i møte med heltane

Kor e alle heltar hen? Overalt. Møt superheltane frå røynda! BIFF syner tre inspirerande filmar om enkeltmenneske som gjer ein stor skilnad med sitt heltemot.

Slik introduserte Bergen Internasjonale Film Festival (BIFF) årets skuleturné i Hordaland. Som ein av tre filmar var “Mirakelet i Moldova” med på turnéen som vart vist for fem vidaregåande skular i fylket. Og helten sjøl, Hans Bjørn Bakketeig, var med og møtte elevane til samtale og diskusjon etter kvar framsyning.

.

Med på turnéen var også Ingebjørg Braseth frå BIFF, regissør av “Mirakelet i Moldova”, Stian Indrevoll, regissør Julia Dahr av “Thank you for the rain” og hovudpersonen i denne filmen, Kisilu Musya frå Kenya.

2017 10 28 BIFF turné Austrheim alle

Hans Bjørn Bakketeig og regissør Stian Indrevoll frå Flimmerfilm i samfunnshuset på Austrheim der dei møtte elevar frå Austrheim vidaregåande skular. (Foto: BIFF)

Programmet:

BIFF arrangerer nok ein gong lokal BIFF på utvalde kinoar/kulturhus/skulestader i Hordaland utanom Bergen. Tilbodet er utarbeidd særskilt som lokal BIFF, og skil seg frå BIFF sitt ordinære dokumentarfilmprogram til vidaregåande skular i Bergen.

Elevane blir inviterte til ein heil festivaldag på sin lokale kino, med framsyningar av dokumentarfilmar i ei anna ramme og setting enn det som har vore vanleg tidlegare.

BIFF har vald ut nye dokumentarfilmar som er henta inn frå dei største festivalane i verda, og som har vekt oppsikt mange stadar. Filmane blir viste i eige program, innanfor skuletida.

Elevane får sjå tre filmar. Filmskaparar, andre filmarbeidarar eller dei som medverkar i filmane, er til stades under framsyningane. Alternativt vil fagfolk som er godt kjende med emna i filmane, vere med på dette opplegget. Dei innleier filmane med å presentere arbeidet sitt for elevane.

 

2017 10 28 BIFF turné Ingebjørg HBB Elevar

Møte med elevar; Ingebjørg Braseth frå BIFF til venstre saman med Hans Bjørn Bakketeig. (Foto: Stian Indrevoll)

Kort om filmane, klikk og så trailarane:

Moldovan Miracle
Regi: Stian Indrevoll. Noreg 2017. Norsk, engelsk og moldovsk tale, engelsk tekst.
Optikaren Hans Bjørn Bakketeig frå Os i Hordaland har redda synet til ti tusen menneskje i det fattigaste landet i Europa; Moldova. Politisk kaos kompliserer arbeidet, men det skal mykje til for å stogge “Trollmannen frå Os”!

 

Thank you for the rain

Regi: Julia Dahr og Kisilu Musya. Noreg/Storbritannia 2017. Engelsk og swahili tale, norsk tekst.
Bonden Kisilu i Kenya kjempar mot klimaendringar med å plante tre og spreie bodskapen sin til både sambygdingar og FN. Norske Julia filmar Kisilu sin kamp for å halde hovudet over vatnet med familien, og samstundes bli høyrd av globale leiarar som utset viktige avgjerder.

Jaha´s Promise

Regi: Kate O’Callaghan og Patrick Farrelly. USA, Storbrittannia, Gambia 2017. Engelsk tale, norsk tekst.
Gambiske Jaha blei kjønnslemlesta som barn og gifta bort til ein mann i New York. Som vaksen kjempar ho for at dottera og andre jenter ikkje skal li same skjebne. Kampen står mot familien og styresmaktene i heimlandet. Ved Jaha sitt vinnande vesen brenn håpet.

 

Etter kvar film er det sett av tid til dialog mellom salen og filmskaparane, der elevane er oppmoda om å kome med eigne synspunkt, spørsmål og kommentarar.

 

Omtale av skoleturnéen i Hordaland i regi av Den Kulturelle Skolesekken
Mån 16. okt. 2017 kl. 09:00‒14:20 Odda Kino (Odda) Odda vidaregåande skule: trinn: Vg1‒Vg3,
tal: 365 elever
 
Tys 17. okt. 2017 kl. 09:00‒14:50 Kulturhuset Husnes / Kino/konsertsalen (Kvinnherad) Deltakarar: Kvinnherad vidaregåande skule: trinn: Vg1‒Vg3,
tal: 453 elever
Ons 18. okt. 2017 kl. 09:00‒14:50 Kultursalen Storebø skule (Austevoll) Deltakarar: Austevoll vidaregåande skule: trinn: Vg1‒Vg2,
tal: 80 elever
Tor 19. okt. 2017 kl. 09:00‒14:20 Austrheim samfunnshus (Austrheim) Deltakarar: Austrheim vidaregåande skule: trinn: Vg1‒Vg3,
tal: 286 elever
Fre 20. okt. 2017 kl. 09:00‒14:50 SF Kino Sotra / Sal 1 (Fjell) Deltakarar: Sotra vidaregåande skule, skulestad Bildøy: trinn: Vg1‒Vg3,
tal: 90 elever
.
 ———————-
Fredag 27. oktober vart filmen vist på Haukeland Sykehus for studenter og helsepersonell.
———————
.
Filmen vert også vist på Os, i Oseana, tidleg i desember med premiere 3. desember.
———————–
.
Kåre Ness/Hjelp Moldova med god hjelp av Stian Indrevoll/Flimmerfilm