Ferdig lasta, klar for avreise! Sjauegjengen besto av kasserar og økonomisjef Erik Bjerring Hansen (til venstre), logistikksjef og lastebileigar Nils Fredrik Nilsen, lager- og teknisk sjef Heine Oen og sjefen sjøl, Kåre Ness, som også opererte som fotograf.
På lageret sto varer av høg kvalitet trygt lagra i gode lokale. Viktigast å få ned til Moldova no var ei maskin for operasjon av grå stær (Faco), og tre komplette diagnosesett for undersøking av auga. Dei siste skal mellom anna nyttast av studentane som i haust, som dei første i Moldova, starta på det nye optometristudiet ved det medisinske universitetet i Chisinau. ,Heine er lagersjef og har stålkontroll på kva type varer som ligg på lager, tilstand, vekt og verdi. Dette er opplysningar som skal vidareformidlast både til norske og moldovske tollstyresmakter.
Overblikk frå andre høgda: Heine har kjørt fram første rullestol som skal ein etasje ned.
Nils Fredrik kjører truck og senkar første stol trygt ned.
Erik tar i mot og trillar stolen til lasterommet.
Nils Fredrik og Heine diskuterer lastestrategi.
Full bil, og tid for å stenga dørene. Torsdag er det ferje til Hirtshals i Danmark, motorvegen til Tyskland, så via Østerrike til Ungarn, tvers gjennom Ungarn til Romania, over den transylvanske høgsletta til grense Moldova, og så vidare til hovudstaden Chisinau for lossing. Estimert ankomsttid er tysdag ettermiddag/kveld, 27. mars.
God tur - Drum bun!
. Tekst og bilde: Kåre Ness