Logo

April-rapport frå Moldova

Tre veker av april forsvann fort for underteikna og teamet på synssenteret. Mykje av tida gjekk med til utgreiing av barn med store synsproblem. Spesialbriller vart bestilt i Noreg, og håpet er å få dei klare til neste tur i mai.

Hos NataljaEin helg dro vi til Molovata saman med tre av dei norske optometristudentane. Der besøkte vi Natalia som er med i julegåveprosjektet. Sist vi besøkte henne, ytra ho ønske om ein gong å få ei datamaskin. Nina, ei av utvekslingsstudentane, bestemte seg for å gje henne sin PC, så gleda var stor då ho fekk denne overrekt. Frå den moldovske stat får Natalia 407 lei per månad. Dette tilsvarar ca. 195 NOK, og skal også rekke til nevøen hennar på 4 som ho tek hand om. Ho fekk derfor eit lite bidrag frå julegåvepengane også.

Optometristudentane har no vore på utveksling i Moldova i 12 veker. Før dei reiste heim igjen den 20. april, rapporterte dei om eit spennande og interessant opphald med deltaking på fleire sjukehus og institusjonar. På evalueringsmøtet med medisinsk universitet på korleis denne første utvekslinga har vore, fekk studentane dei beste skussmål. Konstruktive tilbakemeldingar er viktig, så med litt justeringar håper vi at dei neste studentane som kjem, skal få eit enda betre opplegg.

UndervisningEin del av tida går med til kontakt med høgskulen på Kongsberg om planlegging av studiet vidare og om innkjøp av nytt utstyr som er naudsynt for studiet. Eg har også hatt kontakt med «Emergency hospital» om innkjøp av ein laser til, og opplæring i forhold til dette. Det er viktig at vi kjem i gang med behandling av ulike netthinneproblem, bl.a. grunna diabetes. Det er mange som vert unødig blinde i Moldova.

Eg var også ein tur innom mor-og-barn-sjukehuset. Dei var svært takksame for leikar og mammaklær som Nils Fredrik hadde med i trailaren frå Noreg i mars.

Heine var med nokre dagar i for å se på lagerbehaldningen og setja i stand noko av utstyret slik at det blir klart til utlevering.

 

Tekst: Hans Bjørn Bakketeig
Foto: Tatjana Ghidirimschi