Logo

Handlingsplan 2018

Vi har eit utfordrande og spennande år framfor oss. Her kan du lese handlingsplanen som blei vedtatt på årsmøtet.

Hovudaktiviteten blir å få moldovske styresmakter til å ta større ansvar for synstenestene i landet. Vi vil arbeida med å utvikla synssenteret og følgja opp optometriutdanninga ved det medisinske universitetet i Chisinau.

Prosjekt syn og optometri
Det er viktig at avtalen vi har signert med moldovske myndigheiter får god effekt. Vi må informera ulike profesjonar slik at dei får kjennskap til at det fins mogelegheiter for dei med synshemming. Vi må ha fokus på laserbehandling for å unngå unødig blindheit.

UD støttar oss med vel 2 millionar kroner i 2018. Vi skal ha to oppfølgingsmøte med departementet.
Det blir fleire møte med moldovske styresmakter, spesielt helseministeriet. Vi må koma så langt råd er med å få moldovarane til å ta ansvar for nasjonal augehelse. Tilskot og betaling for våre tenester frå medisinsk forsikring er eit viktig steg på vegen.

Vi har fortsatt to augelegar, ein sjukepleiar og ein rekneskapsmedarbeidar tilsett ved senteret. Senteret skal formidla kompetanse, gjera utgreiing og behandling av synshemma. Tilbodet skal vera for alle synshemma i Moldova, og senteret skal ha ambulant teneste. Ivaretaking av våre tilsette ved senteret har høg prioritet.

Dr. Jan Askvik held fram arbeidet med kataraktoperasjoner og rettleiing av moldovske kollegaer.

I samarbeid med Høgskulen Sørøst-Norge starta vi hausten 2017 ei 4-årig utdanning i optometri ved medisinsk universitet i Chisinau. Det er no 15 studentar ved studiet, og det er viktig at desse vert følgde opp. Synsenteret og Hjelp Moldova er partnarar i dette arbeidet.

I 2018 skal norske optometristudentar på utveksling til Moldova i tre månader. Optometri er viktig for primæraugehelsetenesta, og det skal vera lett å få  ei synsundersøking.

Norlam slutta sitt virke i Moldova i 2017, men vi vil fortsatt ha kontakt med fleire fengsel. Dette skjer i samarbeid med fengselsdirektoratet i Moldova.

Barneheim nr. 74 og nr. 135
Vi held fram arbeidet med synstesting av borna i barnehagane for funksjons- og synshemma.

Institusjonen i Orhei
I samarbeid med dei fire vgs-skulane har vi tilsett ein omsorgsperson som skal aktivisera bebuarane på institusjonen. Ordninga skal vurderast før sommaren.

Julegåvefamiliane
Familiane som får støtte frå prosjektet vil bli følgde opp gjennom året og truleg vil nye familiar koma til.

Økonomi
Styret vil arbeida med å skaffa midler, både økonomisk og diverse hjelpemidlar. Dette blir ekstra viktig i tida som kjem når støtta fra norske myndigheiter fell frå.

Vi må heile tida ta vare på våre gode støttespelarar og arbeida med å få nye og gode samarbeidspartnarar.

Dei faste gjevarane er svært viktig for drifta vår.
Fadderordninga går til synssenteret slik at fleire kan få briller og synshjelpemiddel og slik at vi kan sikra drifta og ta hand om våre tilsette ved senteret.

Det er planlagt ein trailer til Moldova i mars/april 2018.

Hans Bjørn vil vera heiltidstilsett i organisasjonen til UD-prosjektet blir avslutta mot slutten av året.

Styret i Hjelp Moldova