Logo

Hjelp Moldova vil også i år selgja gåvekort til jul. Pengane som kjem inn, vert uavkorta fordelt på sju vanskeleg stilte familiar i Moldova. Vi gjer ein utfordrande kvardag litt lettare for dei det gjeld. Ein del pengar går til å handla mat for, til dekking av medisinutgifter, kjøp av varme vinterklede, støtte til fyringsutgifter, og stundom støtte til utdanning.

Bildet: Mihaela og familien har fått rennande vatn for julegåvepengar. Grøftene grov dei sjølve.

.

Under finn du informasjon om korleis du skaffar deg gåvekort, og og om familiane som du hjelper.


Les meir

VG i dag om Helten Hans Bjørn

Ei heil side i dagens VG (tirsdag 8. desember) om Norske helter og prisvinnar Hans Bjørn Bakketeig:

Norway’s largest newspaper VG to-day (December 8.) presents prizewinner Hans Bjørn Bakketeig as “Norwegian hero”:

.

Tittel: -Det er en lidenskap å få hjelpe andre (side 21)

Title: -It is a passion to help


Les meir
Onsdag 9. desember vert leiar for Hjelp Moldova, Hans Bjørn Bakketeig, heidra som ein av årets “Norske helter” – kategorien Livslang teneste.
Slå på TV Norge kl 20.30 onsdag og få med deg prisutdelinga og fjernsynsshowet.
 .
.
Hans Bjørn Bakketeig will be awarded the prize as “Norwegian Hero” for his work for visually impaired in Moldova. The prize-winners will be presented on Norwegian television channel “TV Norge” on December 9th.

Les meir

Møte med WHO

Haris Hajrulahovic er ny land-sjef for Verdas Helseorganisasjon (WHO) i Moldova. Hjelp Moldova var mellom dei første organisasjonane han møtte i sin nye jobb. Han lytta med interesse til vår orientering og noterte seg våre utfordringar i arbeidet med og for synshemma i republikken. Relasjonsbygging er avgjerande for å oppnå gode resultat.

.

Bildet: WHO har kontor i Le Roi Business Centre. Bygningen huser fleire andre FN organisasjonar, mellom desse UNDP som Hjelp Moldova har hatt oppdrag for tidlegare.


Les meir

Voinicel – Ein oase i Moldova

Bratt og kronglete er vegen du må gå om barnet ditt ikkje er friskt. Mange kampar skal du kjempa, mest åleine. Men ein stad finst hjelp. Voinicel er ein oase for dei som når dit.
.
Bildet: Borna på Voinicel kan vera mellom dei aller mest utfordrande å diagnostisera. Mamma har jenta på skuldra. Bak står Tatiana med lys og lyd. Hans Bjørn venter på rette augneblinken.

Les meir
Rodica bobler over. Ho set på tevatn og server rykende varm drikke. Tryllar fram litt sjokolade. Fortel om korleis livet artar seg for henne og jentene og det nye fosterbarnet. Ho klagar aldri, men fortel om hjelpa ho får. Ikkje minst det at nokon bryr seg. Julegåvepengane og midlar frå ein privatperson gjer at ho har meir tid til borna. Trusselen om ho makta utgiftene til vatn, varme, medisinar og mat i magane er borte.
 .
Bildet: Mihael, Anastasia og Ludmila har fått adventkalendarer; helsing frå tre gutar på Lindås.

Les meir

Korleis får dei det til?

Du trur det ikkje før du ser det. At dei får det til. Å stilla diagnose på multihandicappa medmenneske som manglar språk, og ikkje evnar å fortelja om sine synsvanskar. Men med stor dyktighet, lang erfaring, ein god porsjon oppfinnsomheit og evne til improvisasjon, empati og tolmod, så får dei det til.

Bildet: Sergei er blind på eine auga, men ser litt på det andre, viser det seg. Akkurat så mykje at Ludmila forstår at han ser at ho held opp to fingre.


Les meir

Refleksjonar i Balti

Det var i Balti, Moldovas nest største by, at engasjementet for svaksynte starta i 1998. Tilfeldigheitene gjorde at Hjelp Moldova sin lastebil med naudhjelp vart styrt hit; til skulen for blinde og svaksynte. Tilhøva der den gong var trøsteslause. No er stoda igjen dramatisk. Det gjeld i stor grad stoda for heile landet.

.

Bildet: Med sikker hand prikkar den blinde jenta inn bokstavar i rutenettet.


Les meir

To brør i Botanica

Kvar einaste dag i 26 år stelte mor Maria den multihandicappa sonen Pavel. Det var ein katastrofe for Pavel då mora døydde. Han treng tilsyn 24 timar i døgeret. Men i same augneblinken mora var borte, kom broren Andrei, som ingen visste om, og tok hennar plass. Plutseleg berre var han der; villig til å ofra alt for bror sin.
.
 Brørne Andrei og Pavel.

Les meir

Godt (-eri) på Nr 135

Gans kjem! Har han godteri til oss? Stemningen er nesten elektrisk i barnehage Nr 135. Og borna vert ikkje skuffa. Gans, identisk med Hans (Bjørn) har nemleg kjøpt med seg 120 pakker søte sjokoladebamsekjeks, ei pakke til kvar. Gans held det han lovar!

Les meir

Side 12 av 35« Første...1011121314...2030...Siste »