Logo

Mjuke hender for stive kroppar

Orhei, Moldova juni 2017: Norske skuleelevar på Os i Fusa og Bergen har forplikta seg på å løna ein moldovsk lege og fysioterapeut i eitt år. Dermed kan Dr Zinaida Tugui bruka heile arbeidsdagen sin på å mjuka opp stive musklar, ledd og skjelett på 78 multihandicappa barn og ungdomar i alder 8 - 30. . Bunden til ei seng 24 timar i døgnet. No får han hjelp til å løysa opp steinharde ledd og musklar.
Les meir
Nyleg møttest ei gruppe synshemma ungdommar frå heile Moldova for å utveksla erfaringar. Møtestad var Hjelp Moldova sitt Synssenter i hovudstaden Chisinau.  Tema var korleis ein kan skapa eit godt og inkluderande sosialt miljø for alle, uansett funksjonshemming. Treffet var eitt i ei rekke som har kome i stand takk vere støtte frå Bergen Syd Soroptimistklubb.
Les meir

Masterstudier i Moldova

Cathrine Saastad og Tom Rune Storhaug er masterstudentar ved Høgskolen i Sørøst-Norge (HSN), institutt for optometri på Kongsberg. Sist veke utførte dei feltarbeid i Rezina-fengselet for livstidsdømde, og ved ein moldovske ungdomsskule. Det var Hans Bjørn Bakketeig som spelte inn oppgåvetema, og slik sette i gang det heile. Bildet: Studentane Tom Rune og Cathrine saman med professor Jan Richard Bruenech presenterer info-avisa Medicus ved det medisinske universitetet i Chisinau. I avisa står omtalt oppstart av eit heilt nytt studium i optotmetrifaget - initiert av Hjelp Moldova og HSN. (Foto: Kåre Ness)
Les meir

Jul i mai
Om hjelp til sjølhjelp

Fjorårets julegåveaksjon resulterte i 30.000 kroner frå våre gode støttespelarar. I går brukte vi ut litt av pengane. Først møtte vi vesle Damian (9) og mora Claudia frå Basarabeasca. Damian er ny-operert for glaucom på begge augo. Vi feira på McDonald! Deretter besøkte vi multihandicappa Pavel Stefirta (27) og broren Andrej i Chisinau. Pavel frydar seg over besøket. Hans Bjørn er helten til Pavel. Bildet: Damian med lapp på auga og mamma Claudia.
Les meir
Chisinau den 4.november 2016: Lastebilsjåfør Nils Fredrik gir gass. Kuskar 730 Scania-hestar i V8-formasjon. Set vegen heimover etter sin leveransanse nr 41 til Moldova. 69-åringen er superveteran i norsk lastebilnæring. Men utan planar om gje seg. Livet, det er for Nils Fredrik langfart på landevegen. Og lastebilsjåføren er ein livsnytar. . Laurdag 29. april fyller han 70 og har uoffisielt planane klare for kjøp av ny lastebil - siste modell Scania. Den beste lastebilen nokon gong laga, i følgje Nils Fredrik.
Les meir

Leiarskifte i Hjelp Moldova

Kåre Ness er vald til ny leiar for Hjelp Moldova. Hans Bjørn Bakketeig held fram som leiar for arbeidet i Moldova og nestleiar i organisasjonen. -Me har tru på at dette vil vera ei tenleg ordning og gi ei god arbeidsfordeling som i sum kjem det viktige arbeidet i Moldova til gode, seier dei to leiarane. . Bildet: Selfie utanfor Utanriksdepartementet i Oslo; Kåre Ness (til venstre) og Hans Bjørn Bakketeig.
Les meir

Årsmøte 5. april 2017

Hjelp Moldova held årsmøte den 5. april  kl. 17.00 i avisa Strilen sine lokale i Knarvik. Alle som har betalt kontingent før årsmøtet, har stemmerett. Kontingenten er kr 200 og kan betalast inn på kontonnummer  3626 07 23590 i Sparebanken Vest. Hugs namn på giroen, også når du nyttar nettbank. Følg lenka for å lesa innkallinga med saksliste, årsmelding og handlingsplan:  Innkalling til Årsmøte Alle givarar med fast trekk er automatisk medlem og treng ikkje betale medlemskontigent. Takk for at du støttar arbeidet vårt! Vel møtt! Helsing styret
Les meir
Deputy Prime Minister,  Mr. Gheorge Brega, this week received Help Moldova leaders Tatiana Ghidirimshi and Hans Bjørn Bakketeig to discuss future of low vision integration. . Picture: Deputy Prime Minister, Mr Gheorge Brega
Les meir
- Det er helt utrolig å ha rundet 200 000kr. Elevenes innsats har vært helt formidabel i år. En innsats som mest sannsynlig vil endre mange mennesker sitt liv i det fattige landet Moldova. Solidaritetsaksjonen er utrolig viktig. Som elev på Os vgs, er jeg personlig stolt av å få lov til å bidra. Julie Katina L. Havsgård – elev i 3PBPBYA Bildet: Julie Katina L. Havsgård og Martha Grindstein Hægland viser sluttsummen. Les mer om skolen og elevene sitt engasjement for Moldova:  
Les meir

Fusa vgs: Kortfilm fra Moldova

Inntrykk frå Moldova: Kortfilm laga av Anna Skaathun Epland, elev ved Fusa vgs, etter besøk i Moldova hausten 2016. Følg lenka: Kortfilm
Les meir