Posted by Kaare on 24 Apr 2014 in 2014
Det er vår i Moldova. Då er Mo vakrast . Orhei, dit vi drog hin dagen, er kanskje dem mest kjende regionen i landet. Frå eldste tider var det her folk som for mellom aust til vest, møttest. Landskapet slynger seg i bølgjer og linjer; vennleg, inviterande mystisk og spennande.
For oss der oppe frå, er Moldova motsats til fjord og fjell.
Les meir
Posted by Kaare on 24 Apr 2014 in 2014
Familien Bezer er stor, eit heilt fotballag med reserve, 12 i talet. Berre to ser. Borna kjem til verda utan regnbogehinner. Det kan best samanliknast med at auga ikkje har blendaropning som regulerer for lyset. Dagslys smertar, og endå verre er det om sola skin.
Bildet: To brør, 29 og 26, to fedre i ein familie utan syn.
Les meir
Posted by Kaare on 24 Apr 2014 in 2014
-I alle år som augelege har eg drøymt om dette. Trudde knapt eg skulle få draumen oppfylt medan eg enno er i arbeid!
I fjor haust var dr. Raisa Sirbu mellom deltakarane på eitt av kursa i serien av kurs Hans Bjørn og Tatiana held for augelegar frå heile Moldova. No har dr. Raisa og poliklinikken hennar i Orhei fått nytt og moderne utstyr.
Bildet: Raisa Sirbu har bytt ut det gamle “retinoskopet”, eit lysreflekterande speil med eit ørlite kikehol i sentrum, med eit moderne retinoskop. Retinoskop er eit instrument for å undersøkja brytningen i auga.
Les meir
Posted by Kaare on 22 Apr 2014 in 2014
Tysdag 22. april starta TV Publika opptak med og om Hans Bjørn og arbeidet for synshemma i Moldova. I morgon, 23. april, følgjer TV-teamet Hans Bjørn til byen Orhei nokre mil nord for hovudstaden Chisinau. På agendaen står visitt heime hjå ein familie der alle elleve i husstanden er blinde eller svaksynte, samt besøk på det lokale sjukehuset der augelegane tidlegare har fått opplæring på fagfeltet synshemma, pluss tilført utstyr for diagnostisering.
Bildet: Hans Bjørn Bakketeig sett gjennom kameralinsa til TV Publika.
Les meir
Posted by Kaare on 21 Apr 2014 in 2014
Håvard Austad i Utanriksdepartementet lovar støtte til Hjelp Moldova i arbeidet med å få i stand bindande avtale med moldovske styresmakter. I første omgang gjeld det å skaffa tenlege lokale for Synssenteret; på sikt å involvera styresmaktene i drifta. Tysdag 21. april gjesta Austad Hjelp Moldova i hovudstaden Chisinau der han fekk ei solid orientering om arbeidet med og for synshemma.
Bildet: Håvard Austad
Les meir
Posted by Kaare on 17 Apr 2014 in 2014
Les heile artikkelen, og sjå video, om Hans Bjørn Bakketeig og arbeidet for og med synshemma i Moldova.
Klikk under på…
Lenke til artikkelen
Les meir
Posted by Kaare on 16 Apr 2014 in 2014
- Første gong eg reiste til Moldova, tenkte eg at eg skulle vere glad om eg berre kunne hjelpe eitt menneske, seier optikar Hans Bjørn Bakketeig. 13 år seinare kan tusenvis av moldovarar takke osingen for at dei ser.
Bergens Tidende journalist Kjersti Mjør og fotograf Jan M Lillebø har følgd Hans Bjørn Bakketeig i Moldova.
Les meir
Posted by Kaare on 10 Apr 2014 in 2014
På årsmøtet 7. april 2014 vart Tonje Stølsnes Faanes frå Os vald inn i styret for Hjelp Moldova. Tonje er elev ved Os vgs og har alt representert organisasjonen ved fleire høve. Kristine Krokli hadde sagt frå seg attval grunna studier. Dei andre styremedlemmene held fram som før med Hans Bjørn Bakketeig som leiar.
Ny i styret; Tonje Stølsnes Faanes
Les meir
Posted by Kaare on 28 Mar 2014 in 2014
Hjelp Moldova har i fleire år forhandla med moldovske styresmakter med tanke på å skaffa meir tenlege lokale til Synssenteret som vi etablerte for fem år sian. No kjem Helsedepartementet med nye krav, og nok ein gong er saka sett på vent. Med utgangspunkt i Hjelp Moldova sin innsats gjennom 20 år er det vanskeleg å skjøna at styresmaktene ikkje greier å kvittera med anstendige lokale.
Bildet: Hans Bjørn Bakketeig med ung pasient på Synssenteret.
Les meir
Posted by Kaare on 21 Mar 2014 in 2014
-This course it is a big step forward for our country in improving the methods of checking and corrections of refractive errors!
Tatiana Ghidirimshi, Doctor of ophthalmology, Director Low Vision Centre and participant in the first ever course of optometry in Moldova.
Les meir