Logo
Vesle Semion (3) er fødd svaksynt, har ein komplisert diagnose, men er heldig som har foreldre og storfamilie som bryr seg, og følgjer han opp på alle måtar. Etter dagens augesjekk på Synssenteret, bestemmer Tatiana og Hans Bjørn at Semion skal få med seg leseTV heim. Bestefar og bestemor, som er er med på senteret, spør om bruken av leseTV kan skada synet som er skrøpeleg frå før. Spørsmålet kjem ikkje uventa, for i tradisjonell aust-europeisk  behandling er det ein vanleg oppfatning at den synshemma må vera forsiktig med synsresten han eller ho har, og at bruk av hjelpemiddel kan skada synet. Bildet: Semion trygg på mammas arm, og oppteken med å fokusera på pennen med raudt, blinkande lys.
Les meir
Hjelp Moldova hadde i dag, (onsdag 22. mai) eit godt og positivt møte med Eremei Prieseajnicuc, rådgjevar for statsminister Iurie Leanca.  Prieseajnicuc verka oppriktig interessert i arbeidet vårt, og lova å hjelpa til med å skaffa meir tenlege for Synssenteret vi driv i Chisinau, og som sørvar heile den moldovske republikken.
Les meir

Hjelper born “utan framtid”

Alika (7) er ei smilande, tillitsfull jente med gode evner, og som syntes det var stas å få undersøkt augene. Alika har problem med å koordinera synet, og er sterkt rørslehemma. Ho er ei av seks multihandicappa born som fekk sjekka synet i dag (onsdag 22. mai) då vi besøkte rehabiliteringssenteret Voinicel i hovudstaden Chisinau. Bildet: Dr Tatiana Ghidirimshi (til venstre) sjekkar Alika sine auge. Terapeut Marina frå Voinicel ser på
Les meir
Det var høgtideleg å vera nordmann i Chisinau, Moldova tysdag 21. mai. I høve feiringa av den norske nasjonaldagen inviterte den norske ambassaden til norsk konsert med National Philharmonic of Chisinau under leiing av dirigent Torodd Wigum, og med pianist Else Bø som solist. På programmet sto stykke av Edvard Grieg, Johan Svendsen, Edvart Fliflet Bræin og Terje Bjørklund.
Les meir

UD støttar tre-årig prosjekt

Utanriksdepartementet (UD) har gjeve tilsagn om økonomisk støtte til eit tre-årig prosjekt som sikrar vidareføring og videreutvikling av Hjelp Moldova sitt ”Prosjekt Synshelp”. Målet er å gjennomføra opplæring og kompetansehevande tiltak i samtlige 32 regioner i Moldova, og tilføra naudsynt utstyr for diagnostisering og behandling av synshemma. Arbeidet vil skje i nært samarbeid med det medisinske universitetet i hovudstaden Chisinau og universitetssjukehusa. -Dette er ein stor dag for oss og for alle synshemma i Moldova. Støtta og samarbeidet med UD gjer oss i stand til å verkeleggjera målsetjinga vår: Å tilføra alle som arbeider med synshemma den kunnskapen og kompetanse dei treng for å hjelpa svaksynte og blinde slik at desse får tilgang til utdanning og arbeid og høve til å ta del i vanlege, sosiale aktivitetar, sier Hans Bjørn Bakketeig, leiar for Hjelp Moldova. Bildet: Ung mann med nye spesialbriller som sikrar han arbeid og inntekt.
Les meir

NOK 250 000,- frå Grieg Foundation

Laurdag 2. mars fekk vi denne gladmeldinga i posten: Takk for søknadsbrev av 18.11.12 med forespørsel om fortsatt bidrag til senter for synshemmede i Moldova. Søknaden har nå vært behandlet i Grieg Foundations styre, og vi har gleden av å meddele at vår stiftelse vil bidra med NOK 250 000 for 2013. Det er et godt og viktig arbeid som utføres og vi ønsker lykke til videre. Vennlig hilsen Grieg Foundation v/ Per Grieg sr.
Les meir
Moldovske augelegespsialistar (oftalmologar) manglar optometridelen i utdanninga si. Det er ein av grunnane til at synshemma sjeldan får naudsynt hjelp frå helsevesenet. Hjelp Moldova har den kompetansen utdanningssystemet manglar. No jobbar vi med leiing og spesialistar ved det Statlege Medisinske Universitetet for å få til ein samarbeidsavtale der universitet kjøper tenester av oss. Bildet, frå venstre: Hans Bjørn Bakketeig, optikar og leiar for Hjelp Moldova, Dr. Ion Ababii, MD, PhD, professor og rektor ved det statlege, medisinske universitetet i Moldova (State University of Medicine and Pharmacy), og Dr. med. Tatiana Ghidirimshi. oftalmolog og leiar for Hjelp Moldova sitt Synssenter.
Les meir

Dagbok 18. februar

Julia (16) er tilbake på Synssenteret i følgje med storesøster. Jentene har har vakse opp under vanskelege tilhøve. Julia var utilpass, usikker og nesten som blind å rekna då ho kom første gongen. No verkar ho meir tillitsfull og trygg, og med spesilabriller er ho fullt før til å lesa og studera om ho får sjansen. Bildet: Dr Tatiana undersøkjer augene til Julia.
Les meir

Jul i februar – 2

Pavel Stefirta er 24 år og multihandicappa. I dag er han kledd i pen bukse, raud skjorte med kort arm, og vest. Mor rettar han opp i rullestolen når gjestane kjem. Pavel sitrar av forventning, og smiler oss i møte. Mor Maria har teke seg av guten kvar dag frå den dagen han kom til verda. I fleire år har Stefirta fått av midlane som kjem frå salet av julegåvekort. -Det er ein stor inspirasjon for oss. Vi er bønhøyrde, seier Maria.
Les meir

“Julekveld” for søstrene Surugiu

Familien Surugio er ein stor familie i eit lite hus i ei lita gate i utkanten av sentrum i ein stor by; Chisinau. Her bur seks søstre i alderen 3 til 17 år saman med mamma. Storesøster Domica utdannar seg til skreddar og har fått seg symaskin. I dag fekk ho nytt strykejarn og strykebrett kjøpt for pengar julegåveprosjektet til Hjelp Moldova. Dessutan fekk familien ny elektrisk kjøkkenomn, ny steikepanne og steikespadar finansiert frå same prosjektet. Det var ein fin dag for mamma Luminita og jentene hennar.
Les meir