Logo

Trailer på veg til Moldova

I dag, torsdag 22. mars 2018 kjører Nils Fredrik Nielsen traileren sin ombord på Fjordline si ferje i Bergen fullasta med varer til Moldova. Om fem dagar er han framme i Chisinau. Optisk utstyr av ulik art utgjer mesteparten og viktigaste del av lasta. Men Scania´en har også med seg både rullestoler og sjukehussenger som det er stor trong for i Moldova.


Les meir

Årsmøte sundag 8. april

Årsmøte 2018 

Tid:      8. april  kl. 17.00.

Stad:   Avisa Strilen sine lokale i Knarvik.


Les meir

Årsmøte 8. april 2018

Årsmøte i Hjelp Moldova vert halde sundag 8. april 2018 kl. 17.00 i avisa Strilen sine lokale i Knarvik.


Les meir

Grieg Foundation held fram støtta

Grieg Foundation har gjeve tilsagn om 250.000 kroner i driftstilskot, og ytterlegare 350.000 kroner i samband med at utanriksdepartementet avsluttar si støtte til synsprosjektet i Moldova. Støtta frå Grieg Foundation har vore heilt avgjerande for at organisasjonen har kunna driva arbeidet for og med synshemma i Moldova på eit høgt fagleg nivå.


Les meir

Os vgs har avslutta sin årlege solidaritetsaksjon til inntekt for Hjelp Moldova, og 180.000 friske kroner er sett inn på konto. I løpet av dei tre siste åra har elevane ved skulen samla inn 530.000 kroner!

Hjelp Moldova takkar hjarteleg for årets bidrag!


Les meir

Gode ønskje for 2018, og takk for at du støtta oss i året som gjekk.
Best wishes for the coming year, and thank you very much for supporting us in 2017.


Les meir

TV2 har tildelt Hjelp Moldova plass på reklamefri dag 25. desember.
.
Filmen vert vist på TV 2, TV 2 Zebra, TV 2 Livsstil, TV 2 Nyhetskanalen og TV 2 Sportskanalen.

 

Bildet: Frå “Mirakelet i Moldova” Flimmer Film

.

Du kan lesa meir om reklamefrie dagar på TV2 her:

http://www.tv2.no/a/3887142


Les meir

Helt på heimebane

I løpet av desember blei “Mirakelet i Moldova” vist i Hans Bjørn Bakketeig si heimbygd Os; både som kinoframsyning, og for elevane ved dei vidaregåande skulane på Os og Fusa. Mottakinga var storarta, og Hans Bjørn sto verkeleg fram som helt i eiga heimbygd. Takk til skulane, takk til Flimmer Film og filmskaper Stian Indrevoll, og takk til Hans Bjørn!


Les meir

Christmas Greetings to all of you from all of us in Help Moldova.
Peace, good will and happiness for you at Christmas and always.

Gledeleg jul til alle!

Crăciun fericit!

 


Les meir

Høgtideleg slått til Riddar

I slutten av oktober blei det kjend at Hans Bjørn Bakketeig var slått til riddar av første klasse av Den Kongelege Norske Fortjenesteorden. Under ei tilstelling i Griegsamlingen i Oseana onsdag førmiddag fekk Hans Bjørn det synlege beviset overlevert frå leiar av ordenskanseliet, Sigvald Hauge, som på vegne av H.M. Kong Harald sto for overrekkinga.


Les meir

Side 3 av 3412345...102030...Siste »